Kommunikasjonssjef Marie Launes i NCE Maritime CleanTech meiner det ikkje er teknologien som set avgrensingar for ruteavgangane. Her er den nye ferja som skal gå mellom Halhejm og Våge. Foto: NCE Maritime CleanTech/Fjellstrand
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kommnikasjonssjef i NCE Maritime CleanTech, Marie Engelsen Launes, reagerer på at elektriske ferjer får skulda for dei varsla rutekutta til Skyss.

I går skreiv både Stord24 og NRK Hordaland om dei varsla kutta på ferjerutene Jektevik-Hodnanes-Huglo og Våge-Halhjem når Fjord1 overtek rutene i 2020.

Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H) er kraftig provosert over at Skyss ikkje har teke større omsyn til dei lokale protestane mot rutekutta. Skyss har gjennom prosessen vist at det er elektrifiseringa av ferjene som er årsaka til rutekutta.

– Heilt feil framstilling

Men framstillinga om at det er el-ferjene som har skulda provoserer kommunikasjonssjef i NCE Maritime CleanTech på Stord, Marie Launes. Ho fortel at medlemsbedriftene, som driv med nettopp grøn skipsteknologi, er lei av å få skulda for at rutetilbodet vert dårlegare.

– Me meiner dette er heilt feil framstilling av saka. Det er mange selskap i industrien som reagerer sterkt på korleis dette vert framstilt. Teknologisk sett er det fullt mogleg å oppretthalde eksisterande rutefrekvens med batteridrift. Rutefrekvensen har ingenting å gjere med om ferja går på batteri eller diesel.

Ho seier det er anbodsgrunnlaget til Skyss som har lagt opp ferjerutene, og at ferjeselskapa utviklar ladeløysingane med dette som utgangspunkt.

- Annonse -

– Dersom Skyss seier ein har lite tid på lading så må dei som leverer ferja lage eit ladeanlegg basert på dette. Det vil sjølvsagt ha påverknad på prisen, men det er fullt mogleg, seier Launes.

Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe

– Det er ikkje teknologien me kritiserer

Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe seier han er klar på at det er anbodsgrunnlaget til Skyss han kritiserer, og ikkje teknologien.

– Eg skjønar at NCE Maritime CleanTech går ut og kommenterer dette, då dei faktisk jobber med å utvikla batteriteknologi på fartøy til sjøs. Men det me kritiserer, og som er problemet i saka, er at Skyss i anbodsgrunnlaget har opna opp for fem minuttars ekstra liggetid. Det har dei fått lov til av fylket viss dei klarar å redusere utsleppa.

– Ein kunne sjølvsagt fylt opp ferja med større batteri og raskare lading, men fylket har gjennom anbudsprosessen sagt seg fornøyd med at operatørene kan tillate seg å bruke lengre ladetid ved kai. Rammene til Skyss som er politisk vedtekne er reelle. Dei teknologiske avgrensinga er noko heilt anna.

Kleppe er samd med Launes i NCE Maritime CleanTech at det er skal vere mogleg med raskare lading, men då må batteripakkane på ferja vere betre en absolutt minimum standard.

– Fjord1 uttalte på Zero-konferansen i fjor at det var viktig for dei at dei fekk fem minuttar ekstra liggetid for at dei kunne levere på krava frå fylket. Det går også på kostnaden dei får på å levere tilbudet sitt til Skyss. Det er fullt mogleg med kortare liggetid, men då å fylket opna opp for dette ved bruk av pengar, og Fjord 1 må sørge for at at ferjene har god nok teknologi om bord, til å levere gode rutetilbud, seier Tysnes-ordføraren.

- Annonse -