Anja M. Austlid i Stord Frp svarar på kritikken om manglande innvandrarar på partiet si liste. Foto: Stord Frp
- Annonse -

DEBATT: Å nytta omgrep som «blendakvit forsamling» og «valtaparar» gir ikkje god integrering.

Av: Anja M. Austlid,
2. kandiat til Stord Frp

Tidlegare i veka kunne me lesa i Stord24 at høgresida på Stord har gjort slett arbeid med å rekruttera innvandrar til årets kommuneval.

Høgre har éin person med innvandrarbakgrunn på vallista, FrP ingen. Det er altfor dårleg ifølgje Stord24.

Valtaparar – eller?

Eit kommunestyre bør spegla befolkninga i kommunen. Jo større mangfald jo større er sjansen for at ein av representantane vil representera akkurat deg.

Ifølgje Stord24 har nær 13 prosent av befolkninga på Stord innvandrarbakgrunn. Då kunne kanskje ein tilsvarande prosentdel i kommunestyret vera noko å sikta seg inn mot? I såfall ville innvandrarane vera like godt representerte i kommunestyret som ellers i lokalsamfunnet med fire til fem representantar.

- Annonse -

Men noko slikt må vera ein rein utopi for oss på Stord. Ihvertfall om me skal tru Stord24, når dei med stor sikkerhet slår fast at innvandrarane kjem til å bli «valtaparar», på bakgrunn av svak representasjon i kommunestyret. 

Kva er god representasjon?

Så langt ligg innvandrarane an til å få to av 35 faste representantar, skriv Stord24. Vidare konstaterer dei at dette er ei stor skeivfordeling, som me berre kan håpa på at dei partia som ikkje har nominert enno klarer å jamna ut.

Kva tal eller prosentdel Stord24 meiner ein bør oppnå for at innvandrarane på Stord skal få ein anstendig representasjon blant dei folkevalde seier ikkje soga noko om.

Skulle det vera slik at prosentdelen idéelt sett bør ligga rundt 50, ja då har dei kanskje rett i dei dystre spådomane sine. 

Det er ikkje berre opp til politikarane

Me i Stord FrP ønskjer sjølvsagt at kommunestyret skal gjenspegla stordabuen på best mogleg vis.

Derfor er me glade for at andre parti har lukkast i å rekruttera folk med innvandrarbakgrunn. Me set pris på alle som ønskjer å bidra i lokalpolitikken, og me håpar at partia og veljarane i fellesskap vil nominera og velja eit kommunestyre som representerer heile Stord til hausten.

Kvar og ein av oss har eit ansvar for å bidra til lokalsamfunnet. For nokon kan det gjerast ved å takka ja til å stå på ei valliste, for andre ved å stilla som trenar for det lokale fotballaget. 

Det å nytta stemmesetelen, og kanskje til og med gi ei personstemme til ein kandidat ein har stor tru på, er også å ta ansvar for lokalsamfunnet. Slik kan kvar og ein av oss vera med og sikra god representasjon.

Lokalpressa må og ta ansvar

Det føl eit stort ansvar med å driva lokalavis, og det ansvaret bør einkvar redaktør og journalist vera seg bevisst.

Å utpeika ei veljargruppe som «valtaparar» basert på representasjon seks månadar før eit kommuneval, og før halvparten av vallistene er publiserte, er etter mitt syn spekulativt.

Å omtala engasjerte samfunnsborgarar som har sagt ja til å stilla til val som ei «blendakvit forsamling» er i beste høve respektlaust. Det er ikkje berre politikarar som har ansvar for integrering. Det ansvaret ligg på oss alle, og særleg på lokalpressa som set dagsorden.

Svekkar demokratiet

Me i Stord FrP vil ha alle med i politikken, uansett bakgrunn. Så lenge du er enig i politikken vår er du hjarteleg velkomen til å samarbeida med oss.

Dessverre tviler eg sterkt på at innvandrarane på Stord blir motiverte til å delta i lokalpolitikken ved å bli utpeikte som «valtaparar» eit halvt år før valet.

Innleggsforfattaren har tidlegare jobba som journalist i Stord24.

- Annonse -
Forrige artikkelSjekk kva meteorologane seier om vêret i vinterferien
Neste artikkel– Det har gitt meg ein enorm glede