Eyad Ibrahem Alawak har i lengre tid fungert som imam. No er han blitt erstatta med ein ny imam. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

DEBATT: – Muslimar trur at alle som utfører onde handlingar og tek liv, ikkje er ein ekte muslim, og at terroristar ikkje er ekte muslimar, skriv imamen på Stord.

Av: Eyed Amer Ibrahim Alawak, imam ved Stord Islamske Kultursenter

Mitt namn er Eyed Amer Ibrahim Alawak, og eg har blitt omtalt media dei siste dagane.

Eg vil starte med å rette ei takk til alle. Eg vil takke alle som har kome med falske skuldingar mot meg, og eg vil takke alle dei som forstår at skuldingane om religiøs radikalisering på Stord ikkje er riktige. Dette er noko som har blitt spreidd rundt, heilt til ei bekymringsmelding vart sendt til Stord kommune og til politiet.

Den første tanken min er kor lett det er i Norge for nokon å kome med alvorlege skuldingar mot ein person utan å kome med noko bevis, og korleis uskuldige menneske vert omtalt på sosiale media for å gi eit feilaktig inntrykk av den islamske religionen.

Følg debatten:

- Annonse -

Det er heilt feil å dømme basert på falskt grunnlag, og det kan vere med på å skape eit samfunn der me bryr oss mindre om kvarandre og hjelper kvarandre mindre.

Det verste er å forklare handlingar gjort av menneske med personlege problem med ein religion. Det kan vere svært negativt for samfunet me lever i. Det er ille når folk begynner å sjå på Islam som ein barbarisk religion, som oppmodar til hat og vald. Islam lærer oss kva våre elskede profetar sa. Det er å tru på Gud, kjærleiken og å ha respekt for alle. Å angripe meg og involvere alle som er knytt til religionen min er ikkje ei handling gjort av folk som har respekt for seg sjølv.

Me muslimar kjem ikkje med skuldingar mot folk basert på kven dei er relatert til. Me seier ikkje at tyskarane er terroristar berre fordi Hitler sto bak gassangrepa mot jødene. Me seier ikkje at amerikanarane er terroristar sjølv om dei slapp ei atombombe over Hiroshima. Me seier ikkje at amerikanarane er terroristar sjølv om dei startar krigar og har drepe over éin million uskuldige sivile i Irak og øydelagt ein urgammal sivilasasjon.

Me seier heller ikkje at nordmenn er terroristar fordi Anders Behring Breivik drap meir enn 70 menneske med kaldt blod.

På same vis representerer ikkje IS, Al Qaeda og andre barbariske organisasjonar, dei 1,5 milliardar muslimane i verda. Muslimar trur at alle som utfører onde handlingar og tek liv, ikkje er ein ekte muslim, og at terroristar ikkje er ekte muslimar. Dersom nokon misforstår religionen og gjer noko gale i islams namn, er ikkje dette Islams problem.

På samme måte: Det som skjedde i dei kristne korstoga skjedde i kristendommen sitt namn. Dette er så langt vekke frå bodskapet i kristendommen og frå læra til Jesus Kristus.

Det er media og styresmaktene rundt i verda som knyt religiøse handlingar opp mot terrorisme, slik som peikefinger-teiknet som no er blitt gjort til eit stort problem. Med dette teiknet meiner å signalisere at det berre er ein Gud.

Det samme gjeld ordet  «الله اكبر», som betyr «Allah er den største». Media har gjort dette til eit symbol for terroristar. Grunna denne mediamerksemda er det mange som blir nysgjerrige på Islam og ønskjer å lese om religionen og finne ut kva som er sanninga.

Islam betyr fred og med fred kjem kjærleik for alle våre kvinner og brødre, uansett kva dei trur på. 

Islam hindrar oss i å bruke gift mot kroppen vår, som narkotika, alkohol og røyking, og rår oss til å gå i mot alt som kan vere skadeleg for helsa vår. Slik går også Islam i mot bruk av vald og handlingar som kan vere skadeleg for samfunnet.

Red. mrk.: Dette innlegget er opphaveleg skrive på engelsk og er har blitt omsett til norsk av Stord24.

- Annonse -