Latteren satt laust, då Knut Arild Hareide vitja Fitjar i valkampen. Foto: Ingrid Hovstad
- Annonse -

– Det har kribla i magen i dag, fortel ein blid Harald Rydland.

Kveldens «vinnar» finn me på kyrkjekontoret. Der han har talt røystene etter Kyrkjevalet. Han er svært nøgd med kommunevalet, og takkar Fitjar KrF for resultatet.

– Takk til alle som har stått på i valkampen. Det er de som kan ta æra for dette resultatet. Me har verkeleg jobba for dette resultatet.

Med 32,5 prosent av røystene i kommunen, ein auke på 15,3 prosentpoeng frå 2015, kan Harald Rydland og Fitjar KrF vera godt nøgde.

Morgondagens finrekning legg likevel opp til eit mandatoppgjer mellom KrF og FrP.

– Ja det vert spennande å telja slengjarar og personrøyster i morgon, men me er godt nøgd med 5 mandat. Fitjar KrF si lista var full i gode folk, so me vert ei fin partigruppe uansett kven på lista som får plass.

- Annonse -
- Annonse -

– Det er ein skrekkblanda fryd i å få ein tredjedel av røystene i kommunen. De tyder på at nokon har store forhåpningar til oss, men me skal sjølvsagt prøva å innfri.

Sigurd Andre Maraas og Harald Rydland har bestemt seg. Dei ynskjer kvarandre som «sidekick». Foto: Ingrid Hovstad

Vil ha Maraas

Rydland gjekk i helga ut og ytra at han ynskja Sigurd Andre Maraas (FrP) som varaordførar, om han sjølv stakk av med ordførarrolla.

– Eg ynskjer fortsatt Sigurd som varaordførar. Det kjem eg til å ynskje meg dersom eg vert ordførar.

Rydland legg ikkje skjul på at han og Maraas er ueinige i nokre saker, men er svært tydeleg på at han ynskjer Maraas som partnaren sin.

– Det er ikkje det at dei i dei andre parti ikkje er flotte folk, men eg set pris på Sigurd si erfaring. Han har politisk teft, og eg ser på han som ekte og ærleg.

- Annonse -

Rydland set ogso pris på Maraas sine nære band til regionale og nasjonale Frp-arar. Rydland har sjølv eit godt nettverk i sitt eige parti, noko Knut Arild Hareide poengterte når han vitja Fitjar i førre veke.

Endeleg resultat (Endring i prosentpoeng sidan førre kommuneval):

Kristeleg Folkeparti: 32,5 % (+15,3)

Høgre: 19,1% (-21,2)

Senterpartiet: 17,5% (+7,5)

Arbeidarpartiet: 16,7% (-2)

Framstegspartiet: 14,1% (+5,3)

Truleg mandatfordeling vert slik: KrF:6, Sp:3, Ap:3, H:3 og Frp:2.