DEBATT: Me i Stord Høgre ynskjer vera like framsynte som tidlegare politikarar har vore her på øya og regionen vår.
Av: Christian André Balchen og Magne Heimvik,
3. og 9. kandidat for Stord Høgre
Det er mange framsynte personar som har «gått før» oss her på Stord-øya. Blant anna har tidlegare politikarar tatt store avgjersler som har lagt grunnlaget for den samferdselsinfrastrukturen som vi har i dag. Deira innsats har vore avgjerande for å utvikla øya med busetnad og arbeidsplassar.
Det er dei som meiner at me har bygd nok veg og bruer. Hadde dei fått fleirtal i tidlegare tider, hadde me framleis stått på Skjersholmane og venta på ferja sørover til Valevåg eller i Sagvåg på veg til våre venner i vest. Trekantsambandet førte til ein velfungerande samferdselsinfrastruktur i ytre Sunnhordland og vidare sørover. Me fekk redusert transportkostnader og auka effektivitet i næringslivet, samt redusert tida som vart nytta på reiser og transport. Rett og slett forbetra livskvalitet for innbyggarane i Sunnhordland.
Samferdsle er ein viktig innsatsfaktor for å utvikle regionen Sunnhordland. Derfor vil Stord Høgre i kommande 4-årsperiode blant anna jobba for å realisere ferjefritt E39 gjennom Hordfastprosjektet snarast mogleg, og at Sunnhordland skal vera ferjefritt gjennom realisering av Sunnfast.
Lokalt ønskjer vi blant anna å avklare trasé for E39 Heiane – Ådland, dette for å skilje mellom gjennomgangstrafikk og lokaltrafikk, og redusera gjennomgangstrafikken gjennom sentrum ved å etablera Tversambandet øvre Sæ/Ådland.
I tillegg har vi fleire prosjekt for å sikra dei mjuke trafikantane og betra trafikktryggleiken. Blant anna ferdigstilling av sykkel- og gangsti frå E39 langs fylkesvegen over til Litlabø og etablera nytt og utbetra fortau på Utslettvegen/Åsamyrvegen.
All utbygging av infrastruktur i form av vegar og bruer fører til inngripen i natur og landskap, til liks med utbygging av nye bustadområde og tilrettelegging av nye industriområde. Når så skjer, må inngrepa gjennomførast så skånsamt som mogleg, og med avbøtande tiltak. Høgre vil syte for at dette også har høgste prioritet hjå Statens Vegvesen.
I 2031 står Rogfast ferdig og me får 40 min raskare veg sørover til Stavanger. Vestlandet treng Hordfast for å bli knyta saman. Hordfast vil kople saman to av dei største byområda på Vestlandet. Me i Stord Høgre ynskjer vera like framsynte som tidlegare politikarar har vore her på øya og regionen vår.
Ja, utvikling av god samferdsel spelar ei viktig rolle i å utvikle samfunnet. Stord Høgre ønsker å møte morgondagens utfordringar på ein måte som kan bidra til å skape eit betre og meir tilgjengeleg samfunn for alle. I dette arbeidet skal både trygging av levestandar, miljø og trafikktryggleik vektleggast.