Martin-Alexander (t.v.) og Lars-Erik Husom vart i stor grad overletne til seg sjølv i barndomen. Foto: privat
- Annonse -

KOMMENTAR: Husom-brørne fortener ikkje berre ei orsaking, men ein stor takk for at dei har orka å ta denne kampen.

Av: Jonas Sætre,
ansvarleg redaktør i Stord24

I løpet av dei over ti åra eg har jobba som journalist er det få saker som har gjort like sterkt inntrykk som det å følgja kampen til Lars-Erik og Martin-Alexander Husom.

Det er snart tre år sidan eg hadde det første møtet med brørne. Då hadde dei allereie varsla om eit mogleg søksmål mot Stord kommune, noko me var førebudd til å omtala i anonymisert form. Men etter å ha tenkt seg godt om var dei begge einige: ‘Me går all in‘, sa dei.

Dei ville ta eit endeleg og kraftfullt oppgjer med sine eigne tragiske skjebnar. Ein barndom som absolutt ingen i dette landet skal oppleva. Dei ville stå rakrygga fram med namn og bilete, og la alle få høyra om kva som skjulte seg bak fasaden.

Dette resulterte i reportasjen vår Oppgjeret med ein øydelagt barndom. Dei har seinare fortalt historia si både i A-Magasinet og i Fædrelandsvennen.

- Annonse -

Søksmålet blei ein realitet. Kampviljen som brørne viste i starten fekk eit slag for baugen då rettssaka mot Stord og Kristiansand blei kraftig utsett grunna koronapandemien. Men i fjor haust sto endeleg slaget i Sunnhordland tingrett. Det blei tap og anke, som i sommar enda i eit forlik der Stord kommune betalar 150.000 og 250.000 kroner til høvesvis Lars-Erik og Martin-Alexander.

Yngstebror Martin gjekk vidare med ankesaka mot Kristiansand, som han i haust tapte. Store deler av forlikssummen han får frå Stord går dermed til å betala for rettssaka mot Kristiansand.

Oppgjeret blei aldri noko skikkeleg oppgjer.

Det er ikkje vanskeleg å setja seg inn i korleis tøft nederlaget må kjennast for brørne. Det er truleg eitt spørsmål som plagar dei: Var det verdt det?

Det er nærliggande å tru at svaret på dette spørsmålet er nei, når ein veit kor mykje denne prosessen har kosta dei. Brørne har måtta fortelja detaljert om vonde og traumatiske episodar frå barndomen i retten som dei sikkert heller ville ha fortrengt. Det må ha vore ufatteleg slitsamt.

Men sjølv om søksmålet blei som det blei, så kunne ei orsaking ha gjort mykje. At nokon hadde tatt ansvar og uttrykt klart og tydeleg at dette var uhaldbart.

Når ordførar Gaute Epland og den politiske leiinga i Stord kommune no viser ei tydeleg motvilje mot å i det heile tatt drøfta ei slik orsaking på vegner av Stord-samfunnet, så trur eg ikkje dei har tatt inn over seg korleis dei er med på å leggja stein til byrda for brørne. Det trykkar nemleg på akkurat dei same knappane som brørne har fortalt om frå barndomen: ei kjensle av å bli oversett, ignorert og bli overleten av seg sjølv.

Det er vanskeleg å forstå kvifor ordføraren vel å støtta seg så tett opp mot kommuneadministrasjonen i svaret han gav på Geir Angeltveit (V) sin interpellasjon. Svaret inneheld ikkje eit nøytralt språk, men formuleringar som er tydeleg meint å setja kommunen i eit betre lys enn det er grunnlag for.

Epland skriv: «For M.A.H (Martin-Alexander Husom, red.mrk) sin del vart kommunen si sakshandsaming noko forseinka, det vil seia at undersøkinga stod på vent i fire månader. Dette kan ein forstå at M.A.H. og andre kan oppleva som kritikkverdig i etterkant, men kommunen meiner bestemt at det ikkje låg føre sakleg grunnlag for omsorgsovertaking.»

Formuleringane ‘noko forsinka’ og ‘kritikkverdig’ er ialllfall ikkje henta frå rettspapira. Sunnhordland tingrett vurderte at inaktiviteten frå november 2003 til mai 2004 (seks, men ikkje fire månadar) «framstår som uforståeleg».

Retten skriv vidare:

«I mangel av andre, konkrete holdepunkter mener retten det er sannsynliggjort at passiviteten fra Stord kommune ikke oppfyller de krav som med rimelighet kunne stilles til barneverntjenesten.»

Ordføraren meiner altså at det ikkje ein gong er verdt å diskutera om Stord kommune burde gi ei unnskuldning for ikkje å ha oppfylt krava som med rimeleg kunne stillast til barneverntenesta.

Men det blir verre. Epland skriv vidare: «Forseinkinga kan heller ikkje, slik kommunen ser det, ha forårsaka dei utfordringane M.A.H. har i dag.»

Det er nesten som ein må gni seg i auga. Denne vurderinga har korkje Stord kommune eller ordførar Gaute Epland nokon føresetnad for å gjera seg. Tvert i mot, er sannsynet stort for at barnevernet på Stord sin passivitet i denne tidsperioden var avgjerande for korleis Martin-Alexander skulle få det etterpå.

Slik som er dokumentert i retten, var konsekvensane av barnevernet på Stord sin manglande inngripen at mora fekk mistanke om at dei var på sporet, og fekk nok tid til å senda 12 år gamle Martin-Alexander vekk til faren i Kristiansand, som også var rusmisbrukar. I Kristiansand hadde Martin-Alexander det så dårleg at han byrja å prostituera seg frå då han var 13 år gammal, utan at nokon vaksenperson evna å gripa inn.

Det er dette som er realiteten.

Det som gjer Husom-saka så tragisk er at det er såpass mange ulike aktørar som har skuld i at brørne blei overletne til seg sjølv. BUP Stord har teke sin dose med sjølvkritikk og erkjent at dei gjorde for lite. Sjølv om behandlarane til Lars-Erik og Martin-Alexander Husom hadde god kjennskap til den øydelagde familiesituasjonen til brørne, varsla dei aldri barnevernet.

Likeeins hadde Stord-politiet god kjennskap til at det budde ein tung narkoman i heimen til brørne, utan at dei fall dei inn å varsla barnevernet.

Ikkje minst har manglande kommunikasjon frå barnevernet i Kristiansand frå då brørne flytta til Stord hatt store konsekvensar for oppfølginga på Stord.

Ingen har det heile og fulle ansvaret for at Lars-Erik og Martin-Alexander må leva med livsvarige traumer etter ein barndom i grus. Ansvaret ligg på mange hender.

Men nokon kunne ha vore store nok og tatt ansvar, ikkje berre på vegner av Stord kommune, men heile Stord-samfunnet, og gitt brørne den orsakinga dei fortener.

Husom-brørne fortener ikkje berre ei orsaking, men ein stor takk for at dei har orka å ta denne kampen. Det har gitt alle aktørane eit unikt innblikk i kor gale det kan gå når ein ikkje tek borna på alvor. Når kvar einskild sakshandsamar og behandlar har skylappane på, og ikkje samhandlar og tenkjer på det store biletet.

Det er berre trist at ikkje den politiske leiinga på Stord evnar å sjå dette.