- Det eg kjem til å sakna minst er stilrettinga, seier Gaute Straume Epland om det å slutte i lærarjobben.Bli litt betre kjend med den nye Stord-ordføraren i dette intervjuet!

Posted by Stord24 on Friday, June 23, 2017
- Annonse -

På ei veke har Gaute Epland slutta i lærarjobben på Stord vidaregåande, blitt valt til ordførar og flytta inn på ordførarkontoret. Men heime i Hornelandsvågen er det papparolla som gjeld.

Torsdag var ein lang prosess over, og Gaute Epland (35) blei vald til ordførar i kommunestyret. Så seint som på onsdag hadde han siste dag som lærar på Stord vidaregåande, og fredag er første kontordag i rådhuset.

Stord24 møtte den ferske ordføraren i ein litt annan setting. På heimebane i Hornelandsvågen, saman med dottera på eitt år. Epland er nemleg travelt oppteken som småbarnsfar til to.

– Dei siste vekene har eg ikkje hatt tid til å reflektere så mykje. Det har gått i eitt med å gjere ferdig skuleåret, og hadde min siste eksamen no på tysdag, i tillegg til at eg har klargjort meg til kommunestyret.

– Korleis blir det å kombinere ordførarjobben med småbarnslivet?

Gaute Epland trivst bra med dottera på eitt år på armen. Foto: Severin Eskeland

– Det er kanskje ein av dei tinga eg er mest spent på. No har eg hatt det rimeleg dei siste to åra i politikken, men eg er jo spent på om det lar seg kombinere. Men me har hatt ein grundig runde på det, eg og sambuaren min, om me rett og slett kunne gå for dette her. Me blei einige på å gi det ein sjanse.

- Annonse -

Det har også vore nyttig for Epland å få råd frå svigerfaren Magne Rommetveit, som sjølv blei ordførar på Stord då han var småbarnsfar. Ordførarjobben er ingen åtte til fire-jobb, og for Epland blir det svært viktig å koble ut på heimefronten.

– Eg tenkjer at det iallfall blir veldig viktig å gjere det. Eg er av type slik at eg går veldig tungt inn i det eg driv med, og då er det kanskje også vanskeleg å kome seg ut av det. Men det blir viktig å setje av tid til heilt andre aktivitetar, som trening. Men eg må vere bevisst på å vere til stades når eg er i heimen, blant dei som trass alt er det viktigaste i livet.

– Korleis vil det bli å ta over etter Harry Herstad?

– Harry var ein sterk personlegheit, med ein veldig allsidig erfaring. Han er ein kar som vil bli veldig vanskeleg å erstatte, og eg trur ikkje eg skal prøve å kopiere Harry, det trur eg er sjanselaust. Eg må gjere dette på min måte, og akseptere at eg er litt uerfaren og har litt audmjuk innstilling.

Jakob Bjelland (Sp) overrakte ordførarkjedet til Gaute Epland på torsdagens kommunestyremøte. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Korleis blir stilen din som ordførar?

– Det har eg ikkje tenkt så mykje på. Men eg har lyst å vere ein ordførar som er samlande, og eg har lyst å vere til stades ute blant folk i alle bydelar. Eg har lyst å sjå heilskapen når me gjer vedtaka.

– Du fekk brei støtte i idrettsmiljøet på Stord i nominasjonen i Ap, korleis kjem det til å merkast?

– Idrett er viktig, både når det gjeld folkehelse og barn og unge sine oppvekstvilkår. Eg trur ein kan ta med seg mange gode eigenskapar og verdiar frå idretten som ein kan få bruk for andre stadar i livet. Men eg trur ikkje ein vil merke noko veldig idrettsløft. Me har no den økonomien me har, og eg trur ikkje eg kjem til å prioritere idretten meir enn kva nokon andre ville gjort.

– Stord kommune har ein trang økonomi, og politikarane har avgrensa spelerom. Er du førebudd på at du kan bli upopulær som ordførar?

– Eg trur ikkje ein skal bli politikar for å bli populær. Det er ein krevjande økonomisk situasjon, og det vil speile att vala me må ta. Samtidig synest eg me leverer ganske bra. Me byggjer jo ferdig ny ungdomsskule, nye sjukeheimsplassar og nytt dagsenter på Sæbø gard, og me skal byggje ny ungdomsskule på Nysæter med idrettshall. Men det er jo tøft å få det til å gå i hop utan å kutte i tenestetilbodet.

– Kva var det som gjorde at du ville bli med i politikken for to år sidan?

– Eg synest det var spennande å vere med som vara i førre periode, og eg fekk lyst å til å gå meir inn i det og prøve meg som lokalpolitikar. Så har eg kompisar i politikken som anbefalte det, og då eg blei spurt om å ha ein sentral posisjon ved valet så var eg ikkje i tvil om å seie ja til det. Men eg hadde jo ikkje forventa at eg skulle få alle dei verva, og iallfall ikkje at eg skulle vere her som eg er i dag. Det hadde vore nærast utenkjeleg.

– Kva kjem du til å sakna med lærarjobben?

– Noko av det eg kjem til å sakne mest er samveret med elevane. Som lærar på Strord vidaregåande så møter du alle slags ulike elevtypar og mennesketypar, og noko eg synest har vore kjekt. Det er givande å bidra til utviklinga til elevane i ein slik viktig alder. I tillegg vil eg sakne det gode miljøet blant kollegaane på skulen.

– Det eg kjem til å sakne minst er stilrettinga, smilar Epland.

- Annonse -