Frå brannen i Svartasmoget. Foto: Politiet
- Annonse -

Klokka 06:30 fekk politiet melding om brann i gjenvinningsanlegget ved Svartasmoget. Seks tilsette ved eit oppdrettsanlegg i nærleiken vert evakuert.

Naudetatane var på staden innan ein halv time og brannen vart meldt slukka like etter klokka 08:00.

Politiet skreiv på Twitter at det var snakk om brann i eit lager med blant anna eternitt, og at det var åpne flammar i den eine enden. Det vart også nemnt at røyk og nedfall kunne vera helseskadeleg og publikum vart difor beden om å halde seg unna området.

Klokka 08:03 kom meldinga om at brannen er sløkt, men at det fortsatt pågår arbeid på staden. Dei tilsette ved anlegget er sendt inn for å bistå brannvesenet med vidare arbeid.

Evakuering frå oppdrettsanlegg

Politiet melder klokka 09:17 på Twitter at endring i vindforholda gjer at seks tilsette frå eit oppdrettsanlegg ved Storevikholmen no vert evakuert. Bebuarane i 8-10 hus i same område vert beden om å lukka vindauge og å stenga ventilasjon. Gravemaskin er bestilt til staden for å grave ned i deponiet.

Steinar Knutsen informerar over telefon frå politiets operasjonssentral at dei fryktar farleg nedfall:

- Annonse -

– Vinden har byrja å dreie mot nord-vest og det gjer at vi vel å evakuera desse personene av frykt for at røyka frå brannen inneheld asbest som kan vera kreftfremkallande.

Klokka 10:41 meldte NRK Hordaland at røyken har byrja å minke frå gjenvinningsanlegget, men at evakueringa framleis gjeld.

Ikkje lageret som brant

Kommunikasjonsansvarleg i SIM, Janne Hillersøy, fortel at brannen oppsto på eit deponi, og ikkje i eit lager som først meldt:

– Det var ein del av deponiet ute som sto i brann. Dette er eit område for alt som ikkje kan gjenvinnast og det var her ei tilsett på veg til jobb oppdaga brannen.

Ifølgje Hillersøy var det ingenting unormalt ved anlegget då dei tilsette gjekk heim i går klokka 16:00.

– Brannen har starta ein eller annan gong etter det, men det har sannsynlegvis ikkje brent lenge då spreiinga ikkje er særleg stor, seier Hillersøy som fortel at det ikkje kan seiast noko om årsak enno.

Vaktleiar i 110-sentralen for Rogaland opplyste på telefon klokka 07:45 at dei som er på staden ikkje har meldt om helsefare for dei som arbeidde med slukkinga.

Saka vert oppdatert

Foto: Politiet

- Annonse -