Fleire tusen deltok på Fest i Vest i Sagvåg. Men ikkje alle klarte å oppføre seg. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sjølv om festival-eldsjel Ole Johnny Almås trekte seg ut av festivalen så blir det ein ny utgåve av Fest i Vest i slutten av juni.

Stiftinga Fest i Vest legg opp til å følgje nokon lunde same oppskrift for festivalen som i dei to føregåande åra.

– Festivalen vil inkludere konsert i Skiparvikjo fredag og laurdag som tidlegare år, samt  kyrkjekonsert i Nysæter Kyrkje søndag 1/7, skriv festivalstyret i ei melding.

Men det er ikkje berre musikken som står i sentrum for festivalen i Sagvåg. Eit eige program for barn vil vere viktig for å trekkje folk til bydelen.

– Det vil som tidligere år arrangeres barnearrangement på dagtid på laurdagen, der det populære sjørøvershowet er tilbake også i år. Det vil bli lagt opp til marknadsplass med sal av forskjellige varer.

- Annonse -

 Det er Britt Heidi Verøy som tek over leiarvervet etter Ole Johnny Almås, som melde i fjor haust at han trekkjer som leiar av festivalen. Det er ein av dei største næringsdrivande i Sagvåg, Lars Åge Myhre, som er styreleiar i festivalen.

- Annonse -
- Annonse -

Styret skriv at program og artistar vil bli annonsert på eit seinare tidspunkt. Festivalen vil bli arrangert 29/6-1/7-2018 i Sagvåg.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -