Rune Hantho (t.v.) og Amram Hadida (t.h.) vurderer begge å melde seg ut av Ap. Richard Storevik (i midten) har allereie gjort det. Foto: privat/Fellesforbundet/Aker Solutions
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Misnøgda er stor blant deler av dei som skal drive valkamp for Arbeidarpartiet på Stord.

Etter at Ap stit landsmøte sa nei til konsekvensutgreiing av oljeleiting i Lofoten i helga, er motstanden tydeleg i lokallaget på Stord.

I helga stadfesta klubbleiar i Leirvik og leiar i Fagforbundet i Sunnhordland, Richard Storevik, at han meldte seg ut av partiet, kort tid etter at Stord Ap har sendt inn nominasjonslista si til kommunen.

– Dette er ikkje noko lett avgjersle. Eg hadde veldig lyst til å gå på val for Stord Ap. Eg hadde sett frykteleg fram til det. Men eg kan ikkje jobbe for ein politikk som eg ikkje kan stå for, sa Storevik til Stord24 i helga.

– Symbolpolitikk på sitt verste

Men Storevik er ikkje den einaste frå Stord Ap som kjem med kraftig kritikk av moderpartiet. Det gjer også Rune Hantho, som jobbar på Kværner og som også står på partiet si nominasjonsliste på Stord.

– Det blir ikkje lett å stå på stand. Eg gruar meg litt, for eg veit ikkje heilt korleis eg skal svare på den retninga som er vedtatt, seier Hantho til NRK.

- Annonse -

I ein Facebook-kommentar skriv Hantho at også han vurderer å melde seg ut av partiet.

– Det blir veldig tøft på ein plass som Stord, som er så avhengig av petroleumsnæringa.

Klubbleiar i Kværner, Amram Hadida, har tidlegare vore styremedlem i Stord Ap. I år er han ikkje nominert til valet, men overfor Sunnhordland er han tydeleg på at han vurderer utmelding.

– Per dags dato er eg ikkje betalande medlem, og eg er litt i tenkjeboksen om eg skal betale kontigenten vidare, seier Hadida til avisa.

– Skuffa over partiet

Ap-politikar på Stord, Tarjei Haga, seier han skulle ønske dei tre blei verande i partiet.

– Eg tykkjer det er viktig å få fram at me meinar det er betre å jobba innanfor partiet enn utanfor og at me treng Amram, Richard og Rune i Arbeidarpartiet, seier Haga.

Samtidig har Haga forståing for at folk i partiet er skuffa

– Me er like skuffa som Richard Storevik over at landsmøtet til Arbeidarpartiet har valt å sjå bort frå LoVeSe-kompromisset frå 2017. Ikkje minst er me skuffa over at partiet vel å byta standpunkt midt i ein stortingsperiode på noko ein gjekk til val på.

Haga meiner Ap likevel har ei tydeleg satsing på olje- og gassnæringa.

– Me vil oppretthalda leiterefusjonsordninga og Arbeidarpartiet set ikkje noko sluttdato for norsk olje- og gassproduksjon. Ap har den beste industri- og næringspolitikken for Noreg også innan olje og gass, uavhengig av om Nordland 6-området av LoVeSe vert opna for konsekvensutgreiing.

- Annonse -