DEBATT: Det er fordummande for debatten og ein hersketeknikk me diverre er vande med.
Av: Eva Herskedal Irgens, Mari-Ann Tveita og Reinert Svanberg,
kandidatar til kommunestyrevalget, Stord FrP
Arbeidarpartiet ramsar opp ganske sjølvsagde ting i sitt lesarinnlegg om sjukeheimsplassering.
Det er openbart mogleg å få eit godt fagmiljø, nærleik til skule og barnehagar, god kvalitet på tilbodet og skikkeleg kjøken om den nye sjukeheimen er plassert i Sagvågsområdet. Det er dimed ikkje noko argument for plasseringa.
Stord FrP meiner at neste sjukeheim bør ligga i tilknytning til Sagvåg sentrum. Det blir truleg trong for ein sjukeheim til, og den bør i tilfelle ligga i Nordbygda. At ein styrker regionsenteret ved å bygga enda ein sjukeheim der, slik administrasjona argumenterer for, er jo håplaust! At det er heilt andre ting som tiltrekk seg folk frå regionen enn sjukeheimar er ein ting, men sjukeheimane er ikkje til for å styrke regionsenteret. Dei er til for folk!
Ein veit sjølvsagd og at pasientane får tilvist plass etter behov, og at ein ikkje kan pårekne å få bu i nærleiken av heimen. Det tyder ikkje at ein ikkje kan tilby folk å flytte mellom institusjonane når det blir ein ledig plass. Det handlar berre om å kunne tilby ein service til innbyggarane. Det er eit minimum av det me bør få til når kommunen tek opp mot 85% av inntektene til pasientane.
Det å meine Sagvåg skal ha sjukeheim handlar ikkje om bygdekamp. Det er fordummande for debatten og ein hersketeknikk me diverre er vande med. Ap la opp til den same argumentasjonen i brannstasjondebatten – når dei meir enn dobla utrykningstida til Sagvågsområdet. Men å påpeike det, det var å legge opp til bygdestrid, ifølge ordføraren. Slik snakkar folk som er skålande tom for argument, men som skal sentralisera for ein kvar pris.
At me er ein kompakt kommune er ikkje noko argument for å sentralisere tilbod, det er eit argument for det motsette! Så lenge kostnad og kvalitet ikkje er vesensforskjellig, og etterspurnaden er stor nok, bør ein sjølvsagd desentralisere tilbodet. Me har til dømes fotballbanar fleire stadar enn på Vikahaugane – men berre ein skeisebane. Det er og sjølvsagd at tilbod med smalare etterspurnad, slik som skeisebane, kan leggast sentralt. Det er alle einige i. Det gjeld ikkje sjukeheimar – etterspurnaden er stor nok i Sagvåg, nest største tettstaden i Sunnhordland.
Velgarane bør sjå gjennom den tomme retorikken til Ap. Me i Stord FrP varslar allereie no at me kjem til å gå inn for å omgjere eit eventuelt vedtak om bygging på Knutsaåsen, dersom me er i posisjon etter valet i haust.
Både Sagvåg og Nordbygda kan nok ha sjukeheim. Det handlar om vilje.