Tore Nesbø er i dag brannsjef/driftsjef i Fitjar kommune. No vil han bli teknisk sjef. Foto: Håkon C Hartvedt/Fitjarposten
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Har fått inn tre søkjarar til toppbyråkrat-stilling i Fitjar. Ein søkjarane er hemmelege.

Denne veka gjekk fristen ut for den ledige stillinga som teknisk sjef i Fitjar kommune. Tre søkjarar har meldt si interesse. Dei er:

Randi Karin Habbestad, 43 år gammal frå Bømlo. Kjem frå stilling som prosjekt- og byggeleiar.

Tore Nesbø, 57 år frå Fitjar. Kjem frå stillinga som driftsleiar/brannsjef i Fitjar kommune.

Den tredje søkjaren har fått innvilga oppmoding om unntak frå offentleg søkjarliste.

Stillinga som teknisk sjef i Fitjar kommune er nyoppretta, og ligg rett under rådmannen. Personen som får stillinga vil ha ansvar for ei rekkje tunge ansvarsområde i kommunen.

- Annonse -

Han/ho vil leie investeringsprosjekt i kommunen, kommunale bygg, vatn- og avløp, innkjøp, og kommunale vegar. I utlysinga står det at fagleg tyngdepunkt i stillinga er kompetanse innan vatn- og avløp.

- Annonse -