Rektor i Stord kulturskule, Anne Lene Østvold Jordåen og rektor ved Bømlo vidaregåande skule, Asbjørn Mæland, er blant søkjarane til ny Stord VGS-rektor. Foto: HVL/Hordaland fylkeskommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Åtte personer vil ha jobben til Astrid Haugland, som skal pensjonere seg frå stillinga som rektor ved Stord vidaregåande skule.

Etter seks år som rektor på Stord vidaregåande skule skal Haugland pensjonere seg til våren. Måndag gjekk søknadsfristen ut for dei som ønskjer å bli den nye rektoren.

Blant dei åtte søkjarane til stillinga finn me fem kvinner og tre menn. Fleire av dei kjende namn frå tilsvarande stillingar i Sunnhordland. Mellom anna Anne Lene Østvold Jordåen (45) som er rektor ved Stord kulturskule, og Bømlo vidaregåande-rektor Asbjørn Mæland (57).

Dette er søkjarane:

- Annonse -
  1. Mirjana Stanojevic (26), frå Grdalica i Serbia, jobbar i dag som Assertive Communication Coach
  2. Erik Henneli (50), frå Stord, jobbar i dag som avdelingsleiar for yrkesfag ved Stord vidaregåande skule
  3. Inger Alise Lothe (57), frå Stord, jobbar i dag som kontaktlærar
  4. Katrine Hausberg (45), frå Bergen, jobbar i dag som barnehagestyrar
  5. Asbjørn Mæland (56), frå Bømlo, jobbar i dag som rektor ved Bømlo vidaregåande skule
  6. Anne Lene Østvold Jordåen (45), frå Stord, jobbar i dag som rektor ved Stord kulturskule
  7. Bente Raknes (53), frå Tysnes, jobbar i dag som rektor ved Uggdal skule
  8. Tor Inge Kalstad (46), frå Haugesund, jobbar i dag som avdelingsleiar elektro/påbygg ved Karmsund videregående skule

Den nye rektoren som vil tre til i mars kjem til å leie ein skule som står framføre store forandringar. Fylkeskommunen har tidlegare vedteke å erstatte den gamle yrkesskulen på Vabakkjen med ein ny skule, til ein prislapp på 250 millionar kroner.

Men etter innspel frå Stord kommune, kan planane bli endå større. For å løyse kapasitetsutfordringa ved grunnskulen har kommunen teke initiativ til å sjå på moglegheiter for å overta dagens skule på Saghaugen, slik at den vidaregåande skulen då eventuelt vil bli samlokalisert på Vabakkjen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -