Gruppeleiar i Venstre, Geir Angeltveit, tidlegare leiar i kontrollutvalet, Reidunn Aasheim (H), og dagleg leiar i Stord kommunale eigedom, Arne Bjelland, er blant dei profilerte søkjarane til stillinga som ny dagleg leiar i SIM. Foto: SIM
- Annonse -

Av 24 søkjarar til toppjobben i SIM er berre tre av dei kvinner.

Noverande dagleg leiar i Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM), Terje Gilje, er i ferd med å gi seg, og ein ny sjef skal tilsetjast.

Etter at fristen for å søkje gjekk ut for ei drøy veke sidan, viser det seg at interessa for leiarstillinga er høg. Totalt 24 har søkt, 21 menn og tre kvinner. To er unnateke offentleg søkjarliste.

Av dei meir profilerte søkjarane finn me gruppeleiar i Stord Venstre og medlem av Formannskapet på Stord, Geir Angeltveit. Tidlegare leiar av kontrollutvalet i Stord kommune, Reidunn Aasheim frå Høgre, er også ein av søkjarane.

Dagleg leiar i Stord kommunale eigedom, Arne Bjelland, har søkt på jobben, og det har også dagleg leiar i Bømlo vassverk, Audun Halleraker.

Sjå den fullstendige søkjarlista her:

- Annonse -
1 Aasheim, Geir Raudstein Prosjektingeniør Mann 1971 Stord
2 Aasheim, Reidunn Senior Risk Manager Kvinne 1966 Stord
3 Albretsen, Tor Magne Prosjekt Ingeniør Mann 1973 Stord
4 Alfstad, Bård Daglig leder Mann 1967 Fjell kommune
5 Andersen, Marita Holstad Kjøpmann (daglig leder) Kvinne 1969 Stord
6 Angeltveit, Geir Miljøarbeidar Mann 1988 Stord
7 Bauge, Leif-Harry Leder Mann 1960 Stord
8 Bjelland, Arne Dagleg leiar Mann 1967 Stord
9 Bryn, Yngve Dagleg leiar Mann 1963 Kvinnherad
10 Anonym Kvinne
11 Halhjem, Morten Isdahl Formann Mann 1991 Fitjar
12 Halleraker, Audun Dagleg Leiar Mann 1964 Bømlo
13 Helland, Jarle Avdelingsleder Mann 1961 Stord
14 Hitland, Jarle Kristian Senioringeniør Mann 1960 Bergen
15 Kvamme, Mindor Ståle Arbeidsledig Mann 1955 Bergen
16 Langeland, Finn Inge Engasjert IT-relatert produktutvikling og
marknadsføring
Mann 1958 Stord
17 Olsen, Dan Regiondirektør Mann 1971 Haugesund
18 Otterlei, Ole Martin Rådgiver Mann 1954 Bergen
19 Anonym Mann
20 Selle, Alf Kristian Avdelingsleder Mann 1958 Bømlo
21 stormo, jostein engedal Arbeidsledig Mann 1978 sveio
22 Støle, Ole Johannes Dagleg leiar Mann 1980 Tysnes
23 Tjøstolvsen, Ole M. Salgsmedarbeider Mann 1987 Bergen
24 Ørland, Haakon Daglig leder Mann Stavanger