Dei fire øvste på vallista til Stord Høgre Fredrik Litleskare, Nina Østensjø, og Inga Lothe og Øyvind Kyvik. Foto: Høgre
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me har vore opptekne av å presentere ei liste med mangfald og som me trur og vonar vil appellere til flest mogleg veljarar.

Torsdag kveld vart nominasjonslista til Stord Høgre klar. I følgje leiar i nominasjonskomiteen i Høgre, Sverre Olav Svarstad, presenterer partiet kandidater med god politisk erfaring samtidig som dei også oppnår ei fornying.

– Felles for alle kandidatane er at dei har engasjement, kompetanse og vinnarvilje og er genuint opptekne av å utvikle kommunen vår til ein god plass å bu. Alle kandidatane vil verta gode folkevalgte for heile Stord og byen sine innbyggjarar, seier Svarstad.

Det er inga overrasking at Øyvind Kyvik er partiet sin ordførarkandidat. Han er nøgd med teamet han no får med seg inn i politikken.

– Eg er stolt og imponert over kor mange velsette og kompetente personer som ønskjer å vera med på laget vi er i ferd med å bygge opp. Me er godt rusta til å gå inn i ein valkamp der målet er å overta styringa av kommunen.

Alle kandidatane til partiet var samla på nominasjonsmøte torsdag kveld. Foto: Høgre

Dei fire øvste på lista er erfarne politikarar. Spesielt Fredrik Litleskare, som har vore aktiv i Stord-politikken i fleire tiår, har fått stor tillit frå partiet, og vert nominert til tredjeplass på lista. Nina Østensjø er nominert til nummer to på lista og Inga Lothe på fjerdeplass.

- Annonse -

Det er også nye, profilerte namn å sjå på lista. Blant anna tidlegare konsernsjef i SKL og nyvald styreleiar for BKK Nett, Magne Heimvik.

– Eg ser fram mot ein spennande valgkamp med dyktige og engasjerte kandidatar. Me skal arbeide kvar dag for å syne Stord-samfunnet visjonen vår for Stord kommune og gjennom det få innbyggjarane sin tillit den 9. september. Stord Høgre er klar for å overta styringa av Stord kommune, seier Kyvik.

Ordførarkandidaten seier han har ambisjon om å få inn 9-10 representantar i kommunestyret. I dag har Høgre seks.

Her er lista til Høgre:

Dei 4 første plassane er kumulerte som følgjer:

Ordførarkandidat – Øyvind Kyvik
2. kandidat – Nina Østensjø
3. kandidat- Fredrik Litleskare
4. kandidat- Inga Lothe

Dei øvrige kandidatane er:
5. Magne Heimvik
6. Per Audun Halleraker
7. Reidun Stavland
8. Magne Bjelland
9. Mai Britt Hellesund
10. Erik Henneli
11. Christian A. Balchen
12. Sigmund Mongstad Hope
13. Torill Mosheim
14. Mamdouh Dahham
15. Hege Skram
16. Christoffer Lillestøl
17. Thomas Danielsen
18. Sunniva Grov Framnes
19. Torbjørn Hauge
20. Reidunn Aasheim
21. Robert Brandvik
22. Gunnhild Hauge
23. Bjarte Litlabø
24. Leni Ingebrigtsen
25. Svein Halleraker
26. Henrik Hatlevik
27. Knut Vikestrand
28. Vegard Røssberg
29. Andreas Hauge
30. Jane Ness
31. Vibecke Beyer
32. Kristoffer Valland
- Annonse -