Desse toppar Stord Ap si liste. F.v. Edgar Damås, Marit Tislevoll Odland, Gaute Epland, Marita Vassnes, Tarjei Haga og Katrin Innvær Ankervold. Foto: Stord Ap
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det er ingen nye namn å finne blant dei øvste plassane på Stord Ap si nominasjonsliste.

Arbeidarpartiet på Stord hadde i kveld sitt nominasjonsmøte, der lista til neste års kommunestyreval vart snikra i hop.

Det er ingen overraskelse at ordførar Gaute Epland toppar lista. Han stadfesta like etter sommaren at han ønskte ein ny periode som ordførar.

Mange gjengangarar

Vidare blant dei seks øvste på lista finn ein berre gjengangarar frå Stord-politikken. Marita Vassnes, Edgar Damås, Katrin Innvær Ankervold, Tarjei Haga og Marit Tislevoll Odland er alle aktive i politikken i dag.

Kommunetopp Roy-Sverre Amundsen står på lista. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Desse seks er også partiet sine førehandskumulerte kandidatar. Det tyder at desse kandidatane får 25 prosent røystetillegg. Det gjer det vanskeleg for veljarane å sende andre kandidatar til toppen av lista.

Fekk med seg to Stordliste-politikarar

Men partiet opplyser at dei ikkje har prioritert kva plass på lista kandidatane under dei kumulerte skal ha. Som ein kan sjå er lista gjort alfabetisk annankvar mann/kvinne.

- Annonse -

Når det gjeld nye namn på lista kan me trekkje fram Roy-Sverre Amundsen, som er

Tore Hatlevik går frå Stordlisto til Arbeidarpartiet. Foto: Delta

einingsleiar i Stord kommunalteknikk og styreleiar i Stord IL si fotballgruppe.

I likeins med Stord SV, som sikra seg Atle Hansen på lista, har også Ap fått ein viktig kulturprofil i Stord-samfunnet med på lista. Per Jan Ingebrigtsen (72) er nemleg å finne.

Ellers kan ein merke seg at Tore Hatlevik, som i dag sit i kommunestyret for Stordlisto, no er nominert på 15. plass på Ap si lista. Det same gjeld Arnfinn Saue, som hamnar på 23. plass på lista.

Her er alle kandidatane på Arbeidarpartiet si Stord-liste:

1EplandGaute Straume1981Ordførar
2Vassnes Marita1993Lærar
3DamåsEdgar1964Avdelingsleiar
4AnkervoldKatrin Innvær1967Hovedtillitsvalgt
5HagaTarjei1987Førstekonsulent
6OdlandMarit Tislevoll1960Interiørarkitekt
7AmundsenRoy Sverre1955Einingsleiar
8AbdallahSusan Hassan1977Lærar
9DahlAsle1962Sjølvstendig
10BaraneBritt Nelly Hystad1982Avdelingsleiar
11EngenHarald1942Pensjonist
12AleksandersenAstrid-Cecilie Flisam1991Ped. Leiar
13HanthoRune1972Industriarbeidar
14BreisteinGunnveig1982Politiadvokat
15HatlevikTore1966Kulturhusvert
16HalstensenMarte Rykkje1990Lærar
17HuglenSigurd1962Ingeniør
18MoeInger Johanne1943Pensjonist
19IngebrigtsenPer Jan1946Forfattar/pensjonist
20ReksnesBritt Dagmar1952Pensjonist
21KucharyczMariusz1979Avdelingsleiar
22SandnesEli Lunde1949Pensjonist
23SaueArnfinn1967Ufør
24SkorpenElen Aina1946Sjølvstendig
25StorevikRichard1988Klubbleiar
26StokkenAnett Hidle1970Lærar
27StraussThomas1979Disiplinleiar Service
28VerpelstadAsbjørg Hovland1972Sjukepleiar
29SævareidSigurd1983Klubbleiar Montør EL&IT
30AamotTrude1960Lærar
31ZenalMumtaz1980Driftsleiar
32AaserudMonica Hauge1976Tillitsvalgt
33ØpstadInge1964Elektriker

- Annonse -