Foto: Privat / Jonas Sætre/Stord24 / Sara Slålie
- Annonse -

Spennvidda blant dei mest leste sakene på Stord24 i fjor er stor – frå førjulsspøken på Litlabø skule til saka om oljemillionæren som drog til Stord med militærhelikopter for å kjøpe ein bildel.

Her presenterer me lista over dei ti mest leste sakene på Stord24 i 2017:

10. Bjarte Vad: – No er det på tide at de opnar augene

Lesarinnlegget til Bjarte Vad, som er ein av foreldra som vert råka av endringane i skulekrinsgrensene engasjerte mange lesarar i 2017.

9. Nervøs for ny periode som arbeidsledig

Øystein Vellesvik er ingeniøren som blei råka av oljesmellen og fekk jobb i kassen på Spar Haga. Det førte til at han blei invitert til hagefest med kongeparet i 2016. I fjor vart han uroa over ei ny periode som arbeidsledig.

8. Litlabø skule-rektoren: – Eg har aldri vore borti noko meir useriøst enn dette

Skyss fekk svært mange negative reaksjonar etter at dei la om bussrutene sine i fjor. I oktober var begeret fullt for rektor på Litlabø skule, Rune Ask, som fortvila på vegner av elevane over plutselege endringar i busstilbodet.

7. Paradise-Kevin vil bli stjerne på Instagram

I fjor fekk Stord ein ny rikskjendis, då Kevin René Gustavsson var nær ved å vinne Paradise Hotel. Intervjuet, som vart gjort av ein elev ved medialinja på Stord vidaregåande skule, var årets 7. mest leste sak.

6. – Viss nokon på Stord har lyst på eit verft skal dei få kjøpe det

- Annonse -

Den spesielle historia om korleis eit Oslo-basert bustadutviklingsselskap sit med store deler av eigedomen til Kværner på Stord vart svært godt lest. Selskapet ønskjer å kvitte seg med eigedomen, og appellerte til lokale investorar.

5. Denne veka opnar han sitt eige tatoveringsstudio

I sommar opna eit nytt tatoveringsstudio i Borggata. Basert på lesertala på denne saka er det tydeleg at mange vart glad for at det vart mogleg å skaffe seg ein tatovering på Stord.

4. Sjå kva som møtte rektoren då han kom på kontoret

Då rektor Rune Ask på Litlabø skule møtte på kontoret sitt i desember fekk han litt av eit syn. Dorull på dorull låg nemleg rulla ut høgt og lågt over heile kontoret. – Dette mysteriet skal me kome til botn i, og den som har gjort dette her skal sjå ei side av meg som dei aldri før har sett, varsla den populære rektoren.

3. Meny stenger butikken på Amfi-senteret

Tidleg i fjor vår var det kjent at Meny-butikken på Amfi-senteret skulle leggast ned etter over 15 år på Stord. Dette var det mange som fekk med seg.

2. Ein haiketur gjorde at Trond gjekk frå Rema 1000 til fast stilling i IT-selskap

Etter avslag etter avslag på søknadar og sju år på Rema 1000 så var Trond Austlid (29) nær med å gi opp håpet med å få jobben han ønskte. Ein haiketur frå Bømlo skulle endre alt, og ga han til slutt fast jobb i mediebyråbedrifta GroupM. Gladsaka engasjerte mange, og var fjorårets nest leste sak på Stord24.

1. Flaug til Stord med militærhelikopter for å henta bildel 

Den aller mest leste saka på Stord24 i 2017, med over 31.000 sidevisningar, vart publisert så tidleg som den aller første helga i Stord24 si levetid. Saka handla om oljemillionæren Stig Bakke frå Ålgård, som kom eins ærend med militærhelikopter sitt frå Vietnam-krigen for å kjøpe ein bildel hos Stord Bildemontering i Sagvåg.

- Annonse -