John Tonnessen toppar lista i Dei Grøne på Stord for fire nye år. Foto: privat/MDG
- Annonse -

John Tonnessen toppar lista: – Dette er ikkje noko eg har veldig lyst til å gjere.

Etter fire år med ein representantar i kommunestyret på Stord, er Miljøpartiet Dei Grøne klare med ny liste til haustens val.

Også i år er det John Tonnessen (37) som toppar lista. Noko han gjer av rein idealisme.

– Dette er ikkje noko eg har veldig lyst til å gjere, men det er viktig å stå på i kampen for å gjere verda grønare, seier Tonnessen, som til vanleg jobbar som lærar i den vidaregåande skulen.

Lokallaget har så langt ikkje diskutert partiprogrammet fram mot haustens val, men dei er klare på klare på nokre saker.

– Me er ganske sikkert i mot vindmølleplanane på øya. Det blir for mykje og tek alt for mykje av den urørte naturen i fjellet, seier Tonnessen.

- Annonse -

– Eg vil også gi støtte til skulestreikane for klima rundt forbi. Eg er veldig stolt over at ungdommane stiller opp. Det er bra at dei har skjønt det.

Tonnessen meiner det har gjort ein forskjell at MDG har vore representert i kommunestyret dei siste fire åra.

– Me har fått gjennom ein god del av det me har gått på val for. Som miljøsertifisering av offentlege bygg. No skal me snart ha eit møte å legge opp programmet for haustens val.

Her er MDG sine kandidatar på Stord:

NamnFødselsårBustad
1John F. Tonnessen1982Valvatna
2William B. Larsen1977Nysæter
3Live Cornelia Gravdal1979Leirvik
4Johny Dyrøy1979Leirvik
5Hanne Kjærland Lønning1988Leirvik
6Ådne Langeland1977Kårevik
7Vidar Sagen-Roland1976Hystad
8Roy Erik Larsen1987Leirvik

- Annonse -