Erna Solberg var mektig imponert over Kværner sitt arbeid då ho besøkte anlegget deira i dag. Foto: Malin Langøy Aarbø.
- Annonse -

Statsminister Erna Solberg (H) har tru på at innovasjon og nyskaping blir viktige stikkord for vidare framdrift av Kværner dei neste åra.

– Selskap som Kværner må sjølv jobbe for å vinne oppdrag og anbod. Men me skal legge til rette for rammevilkår som gjer dei høgkompetente og kvalifiserte nok til å kunne delta i anbodsrundane. Me er opptatt av å bidra med vidare midlar til innovasjon, nyskaping, forsking og utvikling, opplyser Solberg etter besøket sitt på Kværner i dag.

Ho påpeiker at Kværner sin kompetanse kan brukast til mykje forskjellig.

– Eg trur at Kværner må jobbe med å vri mot nye næringar i framtida. Det er jo behov for å bruke teknologien deira på andre område. Blant anna høyrte eg stor interesse i dag for å bruke teknologien inn mot til dømes Hordfast, seier ho.

Ingeniørkunst av høg rang

Solberg besøkte Kværner sitt anlegg i dag i samband med valkampturnéen sin for dei påfølgande dagane.

- Annonse -
- Annonse -

Der fekk ho orientert seg rundt dei noverande prosjekta og ringverknadene dei medfører for Stord som lokalsamfunn.

Ein liten omvising rundt Johan Sverdrup og Njord A gjorde også sitt til at statsministeren vart mektig imponert over arbeidet.

- Annonse -

– For det første er det ein utruleg snuoperasjon som leverandørindustrien har gjort dei seinare åra, for å dra i land nye oppdrag til Noreg. I 2012-13 tapte ein mange oppdrag til utlandet. Det eg synest er fint er å sjå at ein har brukt dei ordningane me lagde med BIO-midlar (bedriftsintern opplæring) for å bidra til omstilling, fortel ho.

– Men så er det jo også eit fantastisk handverk å sjå. Det er jo ingeniørkunst av høg rang me ser.

Må vere offensiv
Verftsdirektør på Kværner, Steinar Røgenes, er godt nøgd med at statsministeren tok turen innom.

– Eg synest det er viktig at sentrale politikarar frå dei ulike partia stiller opp og viser at dei er interessert i kva leverandørindustrien i Sunnhordland er opptatt av, kommenterer han.

På spørsmål om kva som er viktig for Kværner framover, uttalar han følgjande:

– Som selskap må me vere offensive i forhold til å vere bevisste på kostnadsnivået vårt. Me må sørge for at me heile tida forbetrar oss, blir meir konkurransedyktige på pris og leverer god kvalitet i tide. Det nyttar ikkje å kome i 2020 og sei at me må finne nye jobbar. Desse jobbane må me vinne no.

- Annonse -