Den splitter nye ambulansebåten Rosedoktoren er designa av Petter Martens frå Stord.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

«Rosedoktoren» er sjøsett, og vert sett i drift i Sunnhordlandsbassenget i neste veke.

– Dette er kanskje den mest funksjonelle ambulansebåten som er bygd i Norge, og er framtidsretta når det gjeld pasientbehandling, universell utforming og HMS, opplyser Helse Fonna i ei pressemelding. 

Ambulansebåten vil vere stasjonert i Sunde. Hovudtyngda av ambulanseoppdraga vil vere i Sunnhordlandsbassenget. Men kan også gå lenger enn det, til dømes til Espevær og Bergen ved behov. 

Ekstra stas er det at Rosedoktoren er designa av Petter Martens frå Stord, som driv det vesle designselskapet Berserk Design.

Den nye båten er ein katamaran med to skrog, som gjer at den går rolegare i sjøen. Når båten går ut på ambulanseoppdrag har den med skipper, motormann og to ambulansearbeidarar frå Helse Fonna.

– Båten er spesialbygd til ambulanseverksemd, og har same akuttmedisinske utstyr som ein ambulansebil, men betre kapasitet.

- Annonse -
- Annonse -

Og det er ikkje tvil om at båten vil få vist kva den er god til.

- Annonse -

– Helse Fonna sin ambulansebåt er med rundt 1400 årlege turar den båten med flest ambulanseoppdrag i landet, opplyser Helse Fonna.

Det er GulenSkyss som vil har fått oppdraget med å drifte båten.

Dei vil starte ambulansetenesta frå 1. april 2019, og kontrakten vil vare til 31. mars 2025, med opsjon for fornying i to pluss to år. Dei vil ta over etter selskapet Rødne som i dag driftar ruta.

Den totale verdien av kontrakten er på meir enn 110 millionar kroner.

- Annonse -