Geir Martin Økland i Stord kristne skule. Foto: privat
- Annonse -

Trass i lobbyverksemd frå Framstegspartiet og ei rekkje bønnemøte har Kunnskapsdepartementet kome til å avvise klagen frå Stord Kristne Skule.

Dermed må skulen søkje om ny skulegodkjenning for å få høve til å starte skule. Tidlegast moglege oppstart blir dermed hausten 2019.

– Me må diverre informere om at me har fått endelig avslag på klagen vår. Det er svært beklageleg at vi ikkje fekk det til i denne omgang, skriv styreleiar Geir Martin Økland i ei melding.

– Det er verst, først og fremst for borna som gleda seg til å byrje på skulen Deretter for personale, foreldre, foreldregruppa, utleigarar, styret, og andre forsamlingar, grupper og enkeltpersonar som har stått med i både forbøn, og med økonomisk støtte.

Aukande interesse

Økland har likevel ikkje mista motet for å starte ein kristen privatskule på Stord.

- Annonse -

– Støtta og interessa har vore aukande, og me ser at det er eit langt større engasjement og ønske om ein kristen skule no, en då me byrja for seks år sidan. Dette gjev pågangsmot til å fortsetje med arbeidet for å få ein kristen skule på Stord.

Styreleiaren har endå større tru på at Heiane er ein bra lokasjon for privatskulen, med tanke på at kommunestyret nyleg fatta vedtak om endring av krinsgrensene som gjer at mange elevar i Horneland-området no vil høyre til Tjødnalio skule. No vil dei bruke tida framover til å sikre meir eigenkapital.

– Me vil no jobbe med å få sendt søknaden og med å få opp ei stifting, slik at me kan få nok kapital i ryggen til å få reist opp skulen på Stord, og då helst til hausten 2019.  Både den pressa skulesituasjonen på Heiane, og det aukande behovet for ein kristen friskule, med eleven i fokus på ein særskilt måte, gjer dette til ei svært viktig sak.

- Annonse -