Vesle Dennis kom til verda 1. nyttårsdag klokka 14. Foto: privat
- Annonse -

Ein lang fødsel gjorde at det var like før den nyfødde sonen til Thomas og Cathrine blei slått på målstreken av nestemann.

Rett før klokka 14 på årets første dag kom vesle Dennis på 3788 gram til verda på fødeavdelinga på Stord sjukehus. Han vart dermed årets nyttårsbarn i Sunnhordland.

– Han er roleg og blid, og her er det berre velstand, fortel pappa Thomas Ervik Stølås.

Lang fødsel

Fødselen tok noko tid, så det var på hengande håret at tittelen som årets nyttårsbarn på Stord gjekk til nestemann.

– Det var ein litt lang fødsel, men det gjekk kjempefint. Det var rett før tittelen som årets nyttårsbarn glapp, for det kom ein baby ganske kjapt etterpå, ein time seinare.

Thomas og Christina Almås Alvsvåg, som begge kjem frå Stord, hadde ingen tankar om at sonen deira skulle bli årets nyttårsbarn.

– Klar for å kome ut

- Annonse -

– Me hadde ikkje termin før 18. januar, så det var eit stykke igjen endå. Men han var klar til å kome ut.

– Er det stas å få årets nyttårsbarn på Stord?

– Det er jo stas å få litt merksemd. Det er jo litt spesielt at han er den første stordabuen som er fødd i 2018.

Dennis er paret sin andre son. Familien satsar på å dra heim frå sjukehuset i morgon.

 

- Annonse -