Mateusz Grygo står klar til å ta imot fleire kundar når han no opnar opp sitt eige tatoveringsstudio på Stord. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -

Tatovør Mateusz Grygo (28) startar sitt eige tatoveringsstudio i Borggata. Han er ikkje i tvil om at konseptet vil slå godt an hos stordabuen.

– For dei som ynskjer å endre på gamle tatoveringar, og for dei som ynskjer ein ny, slepp ein å reise eins ærend til Bergen eller Haugesund for å få det, seier Grygo.

Fleire kundar har allereie vore innom for konsultasjon før opninga av det nye tatoveringsstudioet i Borggata.

No står Grygo klar til å ta i mot fleire.

Inspirert av øst-europeisk gud

Tatoveringsstudioet går under namnet «Veles Art» og vil ha varierte opningstider basert på etterspørsel.

- Annonse -

Kva betyr namnet Veles?

– Det stammar frå ein gamal øst-europeisk gud som styrer dei døde si verd. Litt sånn som Yggdrasil i skandinavisk mytologi, fortel Grygo.

Mannen frå Polen er, i tillegg til tatovør, aktiv vokalist i deathmetal-bandet Mastabah.

Nyleg bestemte han seg for å opne eit tatoveringsstudio i Borggata 26. Der leiger han seg rom i same bygg som skjønnheitssalongen.

– Stord er ikkje ein veldig liten plass, så eg synest absolutt byen bør ha eit slikt tilbod, seier han.

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

Trivst med fridomen

Sjølv om Grygo ikkje har halde på med tatovering i meir enn halvanna år, er han likevel sikker på at dette er den riktige jobben for han.

– Eg startar på grunn av fridomen. Det er veldig greitt å kunne styre jobben sjølv og ikkje vere avhengig av alle andre, opplyser han. – «Go with the flow», liksom. Så trur eg det kjem til å bli veldig bra etter kvart som eg får vist meg fram.

- Annonse -