Neste helg er det klart for skutefest på Vikjo.
I samband med Tall Ships Races i Bergen er Leirvik plukka ut til å vere ein av dei såkalla «Cruise in Company»-hamnane, der nokre av seglskutene vil stanse på vegen.
Koordinator for hendinga, Jostein Sydnes, fortel at det er fire seglskutar som vil stanse på Stord.
Kjem frå Oman
Den første skuta som kjem er fullriggaren Shabab Oman II, som kjem heilt frå Oman. Den kjem til allereie på torsdag.
– Den flotte skuta er kjent for stor gjestfrihet så her er det gode mogleiker for å komme på eit besøk ombord. Den ligg til kai heile dagen, seier Sydnes.
Det er den kongelege marinen i Oman som eig den 87 meter lange seglskuta, som var bygd i Romania i 2013.
Attsyn med Lemkuhl
Ellers blir det eit gledeleg attsyn med Statsraad Lemkuhl. Denne veka tok Haakon Vatle i mot gjev pris på vegner av skuta, som torsdag vann 1. plassen på ein regatta frå Aalborg i Danmark til Fredrikstad.
– Neste laurdag kjem dei til Leirvik hamn. Dei skal øve på innseglinga til Bergen med shanty frå riggen, når dei kjem inn kl 12. Dei vann forøvrig også mest spektakulære ankomst då dei kom til Ålborg i starten på Tall Ships Races. Me kan altså venta oss eit spektakulært skue når dei kjem inn.
Klokka 14 laurdag blir det ope skip på Lemkuhl for alle som har lyst å gå om bord.
Inviterer borna med på tur
Det store høgdepunktet for dei minste blir definitivt «sjørøvarskuta» Atyla frå Spania.
– Fredagen blir det høve til å sjå den unik seglskuta Atyla frå Spania.Kommunen gir innbyggarane mogleiken å bli med på ein times tur ut på fjorden der borna får sette segl, klatre i riggen, ta bilete med mannskapet og læra å knyte nautiske knuter.
Seglskuta Atyla kan nesten sjå ut som den har vore med i Pirates of the Caribbean. Men den 31 meter lange skuta blei bygd tidleg på 1980-talet
Den blei designa for å sjå ut som tradisjonelle spanske seglskuter frå 1800-talet, og samtidig vere robust nok til å segle verda rundt. Skuta er ein av få handbygde treskrog som framleis er i drift i verda.
For å bli med på sjørøvarturen må ein melde seg på til med namn og antall til jostein.sydnes@gmail.com
Den siste skuta som vil vitje Leirvik er Urania frå Nederland.