- Annonse -

Oma Baatbyggeri AS har sikra seg ein ny kontrakt på bygging av eit farty for Offshore Windservice A/S.

Laurdag kom gladmeldinga om at Oma Baatbyggeri AS og Offshore Windservice A/S har signert kontrakt for levering av ein 32 Meter SWATH Crew Transfer Vessel. Kontrakten er inngått med opsjonsavtale for ytterlegare to farty.

– Dette er ein veldig viktig kontrakt for oss. Det betyr at me får veldig bra med arbeid framover heile vinteren og våren, før båten skal leverast til sommaren, fortel dagleg leiar i Oma Baatbyggeri, Gustav Oma.

Båten som skal leverast er eit spesialfarty for transport av servicepersonell for offshore vindmøller og er spesialkonstruert i samarbeid med hovudeigar – Odfjell Wind AS i Bergen.

Oma fortel at det har vore lite med jobb den siste tida, og at den nye kontrakten difor kom på eit veldig bra tidspunkt.

– For oss var denne kontrakten veldig kjærkomen, då me har hatt for lite å gjere no ein periode. Då gjer det godt å kome seg i normal gjenge igjen.

- Annonse -

Fartyet er det første av sitt slag som kombinerer med høg fart, og at underskroget kan senkast med 1,5 meter under sjønivå. Dermed blir rørslene redusert  betydeleg, noko som sikrar overføring av personell mellom båt og vindmøller i høg sjøgang, står det i pressemeldinga.

Arbeidsområdet til båten vert vindmøllemarknaden i Nordsjøen, og båten har sertifikat til å romme 60 personar.