Det nye styret i stiftinga 100 Dagar.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Musikkfestivalen 100 Dagar på Stord startar opp igjen som stifting med eit endå skarpare fokus på festivalar og nye talentfulle artistar.

Festivalen var i fare for å bli lagt ned, men eit sterkt ønske frå festivalane som har delteke, sponsorar som har sett verdien av arrangementet og eit trufast publikum har gjort at 100 Dagar har gjenoppstått som stifting med eit solid styre som skal ta musikkfestivalen og bransjetreffet vidare, skriv striftinga i ei pressemelding.

Styret i 100 Dagar består no av Martha Lyse (STAR), Vegard Moberg (BRAK), Trude Storheim (VossaJazz), Sigvard Madsen (Tysnesfest), Daidalos Dahle (Festidalen) i tillegg til Haakon Vatle og Jostein Sydnes som dreiv festivalen tidlegare.

Siste helga i januar

Neste års 100 Dagar-festival går av stabelen 26.-27. januar 2018, og artistar og band som ønsker å spela for eit engasjert publikum og festivalbookere er velkomne til å søke om å få spele.

Festivalleiinga melder at artistpåmeldinga er open på www.100dagar.no og artistar blir plukka ut fortløpande. Frist for påmeldinga er  1. desember.

- Annonse -
- Annonse -

– 100 Dagar er Noregs minste bransjefestival med ein garantert «bli sett og høyrt»-oppleving for banda som spelar der. Nettverksarenaen knyt festivalar og band tett saman og gir ein unik mulighet til å knytte kontaktar med musikkbransje og musikkfestivalane på Vestlandet, skriv festivalleiinga i ei melding.

- Annonse -

Plass for 20 band

Opptil 20 band får delta kvart år. Her får dei ein sjanse til å vise seg fram for eit nytt og større publikum, og for meir enn 20 festivalrepresentantar.

– Det tette samspelet mellom festivalane på bransjetreffet har ført til den unike «Vestlandssatsinga» der fleire festivalar går saman om å løfte fram det bandet som utmerkar seg mest på 100 Dagar, heiter det i pressemeldinga.

Tidlegare har dette blitt tildelt band som Yuma Sun (2013), Tiebreaker (2014), Silja Sol (2015), Hear Me Roar (2016) og Saissy Kraimspri (2017). ”Vestlandssatsinga” medfører at eitt band/artist får tilbod om 6-10 honorerte festivaljobbar det same året. Slik bidreg festivalane til å byggje CV og spele-erfaring for unge, lovande talent.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -