Denne gjengen skal få årets Storapride til å bli endå større enn i fjor. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Torsdag vart det skipa ein eigen interesseorganisasjon som skal få i gang ei ny utgåve av fjorårets Storapride.

Interesseorganisasjonen har som føremål å arrangere eit årleg Pride-arrangement på Stord. I følgje vedtektene har Pride-arrangementet som føremål å spreia kunnskap om og fremja aksept av homofile, lesbiske, transpersonar og andre minoritetar.

Anna Sofie Ekeland Valvatne, som var med å skipa Storapride i 2018, vart valt som leiar for den nyskipa organisasjonen. Ho gler seg til å ta fatt på arbeidet.

– Om me skal ta noko med oss frå i fjor, så er det at det er stor aksept og mykje kjærleik å finne hos stordabuen. Det kjem me langt med. No vil me syta for at dette blir endå synlegare slik at alle veit at Stord er ein kommune der alle kan kjenne seg velkomen, seier Valvatne.

På møtet fekk deltakarane høve til å kome med innspel til korleis dei ønskjer at Storapride skal bli i 2019. Alle var samde om at arrangementet skal bli endå større enn i fjor, då det møtte opp fleire tusen til arrangementet.

– Me skal gjere Storapride endå større slik at me verkeleg lev opp til namnet vårt og set Stord på pride-kartet, seier Valvatne.

- Annonse -
Anna Sofie Ekeland Valvatne blir leiar i Stoapride. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -
- Annonse -

Den nyskipa organisasjonen har no opna for at både einskildpersonar og verksemder/organisasjonar kan melde seg inn for å vise stønad og vere med på å påverke organisasjonen. Styret skriv at dei vonar at så mange organisasjonar og verksemder på Stord som mogleg vel å melde seg inn og støtte arrangementet.

– Me har allereie fått nokre organisasjonar som vil melde seg inn og sponse oss økonomisk, men me vil sjølvsagt ha fleire med på laget.

Desse er valt til i styret for den nystifta organisasjonen Storapride:

Leiar: Anna Sofie Ekeland Valvatne
Nestleiar: Konrad Markvoll
Kasserar: Signe Ekeland
Styremedlem: Arild Tony Lyngstadås
Styremedlem: Megan Thomas
Styremedlem: Trine Gravdal
Styremedlem: Johanne Malene Ekeland Valvatne

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -