Tre av dei engasjerte i Sunnhordland FpU. Fra venstre: Kai Morten Torget, Yvonne Irgens, Emil Tranøy Aasheim. Foto: privat
- Annonse -

Laurdag blei Framstegspartiets Ungdom i Sunnhordland sparka i gong.

Ungdomsorganisasjonen haldt stiftingsmøtet sitt i Stord rådhus laurdag, der Emil Tranøy Aasheim (23) vart valt til leiar.

Han får med seg Yvonne Herskedal Irgens som nestleiar og Kai Morten Torget som styremedlem.

– Me skal ha eit stort fokus på å rekruttere nye medlemmer, og me har som ambisjon om å bli det klart største ungdomspartiet i Sunnhordland, seier Torget.

– Kastar vekk pengar på kunst

Formann Emil Tranøy Aasheim er klar på kva saker som blir viktig å ta opp for det nye lokallaget.

– I Stord kommune er det forventa eit underkot på 48 millionar kroner, samtidig som kommunen kastar vekk pengar på kunst som best kan skildrast som visuell forureining, samtidig som kommunen ikkje klarar å levere på eldreomsorgen.

- Annonse -
- Annonse -

– Dette er ikkje godt nok, og tyder på at nokon ikkje gjer jobben sin, seier 23-åringen frå Stord.

- Annonse -

Likeins med morpartiet på Stord er også FpU kritisk til auka bruk av eigedomsskatten på Stord.

– Det er uhaldtbart at over 50 prosent av inntekten frå eigedomsskatten no går til drift framfor investeringar. Kommunen har gjort seg heilt avhengig av ein avgift som berre kom for nokre få år sidan, seier Aasheim.

– Me kjem difor til å ha eit stort fokus på å nauste opp i kommuneøkonomien slik at me unngår å hamne på ROBEK-lista igjen.

Uroa over høgt sjukefråver

Nestformannen i ungdomspartiet, Yvonne Herskedal Irgens, er spesielt uroa over sjukefråveret i Stord kommune.

– Sjukefråveret i kommunen er skremmande høgt, spesielt i helsesektoren. Slik får me ein ond sirkel; me er konstant underbemanna, som fører til at folk må jobbe meir overtid for å dekke dei som er sjuke. Det kostar kommunen fleire hundretusen kroner i sjukeløn, seier irgens.