Malva (2,5) tar ivrig del i komposteringa av husets matavfall. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24
- Annonse -

– Ein brun banan som mange kanskje ville ha kasta, kutter eg opp og frys ned til bruk i smoothie, seier småbarnsmor Kajsa Nordström. Familien hennar gjer mange tiltak for å redusere sitt eige matsvinn.

– Matsvinn er eit i-landsproblem. Vi har det så bra at vi ikkje treng å ta vare på all maten. Det er trist at det har gått så langt, seier Kajsa (34).

I ein tid der det vert skrive mykje om Norges matsvinn, byrjar mange å gjere tiltak for å redusere mengden mat som kastast. Stord24 skreiv nyleg om kva tiltak daglegvarebutikkane på Stord har satt til verks, men studier viser at det er husholdningane som står for den største andelen av matsvinn.

Familien Nordström på Stord, representerar ein typisk familie som vert omtalt som ein av «verstingane» – to vaksne under 40 år med fulltidsjobbar og småbarn.

– Ingen vil kaste mat, det er jo noko dei betaler penger for, men av ulike årsaker kastar folk mat. Eg forstår det godt no, som småbarnsforelder. Livet er travelt og ein får gjerne ikkje så mykje tid til å tenke over kva ein skal gjere med mat som er til overs. Barn er jo gjerne litt selektive også, seier Kajsa.

– Det er ikkje det at småbarnsfamilien ønskjer å kaste meir mat enn andre folk .

- Annonse -
- Annonse -

Stord24 møter Kajsa, hennar mann Edwin (34) og deira to barn, Malva (2,5) og Solveig på åtte månader i eit stort og julepynta hus i Kringsjå. Familien gjer det dei kan for å redusere matsvinnet sitt.

– Ein brun banan som mange kanskje ville ha kasta, kutter eg opp og frys ned. Den vert gjerne nytta til smoothie. Vi frys ned andre matvarer også, gjerne før vi skal ut og reise. Det kan til dømes vere revet ost som vi seinare nyttar til lasagne eller pizza, fortel Kajsa.

Småbarnsfamilien Nordström har eigen kompost i hagen, frys ned halvspiste epler og brune bananar, og har full kontroll på kva som befinn seg i kjøleskap og frysar. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Lærte meir om grønsakar

Paret kjem frå Sverige, men har budd på Stord i seks år. Kajsa, som jobbar som rådgivar på Høgskulen på Vestlandet, vaks opp på ein gard og har teke med seg litt «matvett» frå barndomen sin.

– Vi hadde mykje eigenproduksjon av mat, både kjøtt og grønsakar. Eg har det med heimefrå at vi skal bruke mest mogleg av maten.

Edwin på si side har lært at ein skal ete opp maten på tallerkenen.

– Det vert «food waist» i staden for «food waste», seier han og klappar seg sjølv på midjen.

Familien får framleis eigenprodusert mat i hus, gjennom eit såkalla andelslandsbruk på Lønning der fleire andelseigarar deltar aktivt i grønsaksdyrking.

Malva er glad i epler, men et dei ikkje alltid opp. Då vert det brune skåre vekk og resten fryst ned til frucktcocktail eller smoothie seinare. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

– Der har vi lært mykje om grønsakar. Noko av det viktigaste har vore at vi kan ete meir av sjølve grønsaken enn det vi er vant til, som til dømes stilkar og blader. Det kan vere veldig godt og næringsrikt, vi sparar mykje og kastar lite, fortel Edwin, som jobbar som psykolog og forskar i Helse Fonna.

Kajsa stemmer i, og legg til at ein av grunnane til at mange kastar mat, kan vere manglande kunnskap om kva som kan etast, men også kunnskap om korleis varen skal oppbevarast.

– Vi lærte at vi kan oppbevare gulrøttar i kvitmose. Vi hadde nokon i ein isoporkasse på balkongen, saman med mose, i fire-fem månader utan problem.

Lagar eigen jord av matavfallet

Etter at familien flytta til eit hus med hage, gjekk dei til anskaffing av «bokashi», som er ein type kjøkkenkompostering. I ein bøtte legg ein matavfall og bokashistrø lagvis.

Malva viser fram husets bokashi. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Strøet er kveitekli som er insatt med mikroorganismar som set i gong ein gjærings- eller syrningsprosess. Det organiske avfallet brytast ned, utan å råtne, og matavfallet til familien Nordström vert sidan omdanna til jord.

– Svigermor mi har nytta seg av bokashi ein god stund og ho skryt veldig av den energirike jorda ho får. Den gir ein god avling, fortel Edwin.

Kajsa viser fram bøtta under vasken på kjøkkenet og eldstejenta Malva demonstrerar korleis ein strør bokashistrøet over innhaldet.

– Om ca. to veker er denne full. Då skal den stå og kvile i kjellaren i ytterlegare to veker før innhaldet gravast ned i hagen og vert til jord. Det går veldig raskt når marken byrjar å ete. Når vi først må kaste noko, kjenst det betre at det vert til jord som vi kan nytte oss av.

- Annonse -

– Det vert matvinn i staden for matsvinn, klinkar Edwin til med.

– Ein må bruke sansane

Kajsa meiner at matindustrien har tatt frå oss sansane våre med all datomerkingen av varene.

– Matindustrien har tatt vekk den sunne fornuften hos mange. Kassen med grønsakar som vi får heim frå landbruket, har ingen best før-dato. Vi bruker sunn fornuft. Vi har jobba for desse grønsaka og vil gjerne ete dei opp.

Kajsa henter fram ein creme fraiche som gjekk ut på dato for over to veker sidan. – Sjå, den er heilt fin! Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Småbarnsmora synest at mange heng seg opp i datomerkinga, og ikkje tør å spise eller drikke noko som har gått ut på dato.

– Det er fordi matindustrien har bestemt at no er den og den varen for gammal. Det er trist og det bidrar til matsvinn. Det er viktig å bruke sansane, noko mennesket alltid har gjort.

Familien Nordström kjøper gjerne varer som er prist ned i butikk grunna kort holdbarhet.

– Eg synest det er veldig bra at butikkane samlar alle varene som snart går ut på dato, på same stad i butikken. Då er det enkelt for folk å finne desse. Eg har mange gongar kjøpt ting eg ikkje har prøvd før og har blitt positivt overraska. Noko av det eg kjøper, frys eg ned.

– Vit kva du har

Lille Solveig på åtte månader tygg gjerne på brødskivar, medan Malva er veldig glad i epler. Som små barn flest, er det ikkje alltid dei et opp det dei har byrja på, og foreldra kan gjerne finne eit halvt eple eller ein tørr brødskalk rundt om kring.

– Brød som har blitt tørt, deler vi opp og steiker i panna saman med olje og krydder. Dei vert til krutongar. Det brune på eplet vert skåre av og resten kutta opp til fruktcocktail eller smooothie, fortel Kajsa.

– Vi ristar også brød som har blitt tørt, eller vi frys det ned før det vert for gammalt, skyt Edwin inn.

Ein annan viktig vane familien har, er å halde kontroll på kva som finst i både kjøleskap og frysar. Men før vi kjem så langt som å ta ein kikk i familiens kjøleskap, gulpar brått Solveig der ho sit på mammas fang.

– Det største matsvinnet vi har er gulp, spøkjer Kajsa og ler.

Ho viser fram eit oversiktleg kjøleskap og trekk fram ein plastboks som står strategisk plassert midt i.

– Eg passer på å ha orden i kjøleskapet og legg varer med dårleg dato fremst, slik at dei er godt synleg. Eg samler noko av det i denne boksen. Elles sjekker vi alltid kjøleskapet før vi handlar og eg googlar gjerne oppskrifter som inneheld det vi har heime, seier ho og legg til at også frysaren må sjekkast.

– Mat varer ikkje evig sjølv om det er fryst. Som eg høyrte ei sa ein gong – ikkje la frysaren bli ein kyrkjegard, seier Kajsa med eit smil.

– Eg sjekker alltid kjøleskapet før eg handlar, slik at eg ikkje handlar meir enn vi treng. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Middagsrester til lunsj

Ein vane som familien har teke med seg frå sitt heimland, Sverige, er å nytte middagsrester til lunsj på jobben dagen etter. Edwin meiner at alle arbeidsplassar bør ha ein mikrobølgeovn.

– Nordmenn er veldig glade i brødskivene sine, men kanskje det er betre å ta med middagsrester på jobb. Mange er gode til å spare maten i kjøleskapet, men gløymer ofte å ete den. Om ein kan ta med denne maten på jobb, får ein eit betre system, meiner mannen i huset.

– Matsvinn er eit av dei store verdsproblemene som ein som enkeltindivid og familier kan gjere noko med. Bare ikkje slutt å ete Wasa-knekkebrød, dei er svenske!