Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

Debatt: Stord KrF er det einaste partiet som har programfesta at me beheld opne bekkeløp.

Av: Gunnhild Hystad,
4.kandidat Stord KrF

Sykkelturen som eg vil dele meg dykk, er ein tur eg hadde rundt Fjellgarane for å trimme og for å nyte omgjevnadene rundt meg. Eg likar å sjå, lukte, kjenne og lytte til det som er rundt meg, difor koplar eg ikkje musikk på øyra når eg er ute i naturen. Eg tek inn det naturen gir meg.

Foto: privat

Eg sykla opp Fuglevikjo gjennom den nye undergrunnen opp mot Fjellgardane. Rett etter undergrunnen kunne eg høyra ein bekk som sildra og det var musikk i øyra mitt.

Eg kjende på roen som den sildrande bekken gav meg. Augo mine søkte etter kor «musikken» kom frå, og plutseleg fekk eg auga på eit ope bekkeløp og eg såg kor fint det var. Det var lagt flate steinar i botn som på ein måte lagde ei sklie for vatnet som rant ned i bekken.

Eg stoppa opp, og tok inn det visuelle og det auditive inntrykka. Eg vart glad, kunne kjenna på roen som senka seg i kroppen. Det rennande vatnet hadde ein behagelig effekt på stemninga rundt meg. Eg ensa nesten ikkje at det køyrde bilar forbi. Det var så godt å ta inn det eg såg og høyrde.

- Annonse -

Me må ta vare på naturen  og dei opne bekkeløpa. I mine øyre var det musikk og eg fekk ei heilt eigen ro i kroppen.

Så kom eg til å tenkja på programmet til Krf, der står det:

«Stord KrF vil i størst mogleg grad behalda opne bekkeløp. Opne bekkar som er lagt i røyr der dette er mogleg.»

Opne bekkar er ein robust løysing som gjev positiv opplevingsverdi, men vel så viktig er at det gjev grunnlag for auke i naturmangfald sidan dei gjev liv til både plantar, fuglar og dyr. Ved å ha opne bekkar framfor nedgravde røyr vert også samfunnet betre rusta til å møte venta auke i nedbør og nedbørsintensitet (kraftig regn i korte periodar).

Opne bekkar har god kapasitet og kan utformast slik at dei bremsar vatnet si ferd mot sjøen og dermed fordelar store vassmengder over noko tid. Bekkar har også ein viss sjølvrensande effekt på vatnet som ein ikkje oppnår i røyr.

Stord KrF meiner at eit Stord i vekst må spele på lag med naturen og gje han plass. Det er godt for menneske, godt for miljøet og godt for økonomien.

Viss du tenkjer det er viktig at me beheld opne bekkeløp, så er Storf Krf det einaste partiet som har det i programmet.

- Annonse -