Frå markeringa av produksjonsstarten av Peregrino 2-bustadkvarteret på Leirvik AS vinteren 2018. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Med ferske storkontraktar i minne ser NAV på Stord svært positivt på arbeidsmarknaden i Sunnhordland.

– I februar jubla me i lag med Kværner då dei signerte kontrakten for levering av modular og samanstilling av produkssjonsskipet til  Johan Castberg-feltet. Mykje av arbeidet skal gjerast gjerast lokalt, og det er svært godt nytt for dei tilsette ved verftet og underleverandørane dei nyttar, seier marknadskonsulent Sindre Vikanes i NAV Stord.

Marknadskonsulent Sindre Vikanes i NAV Stord. Foto: privat

Ikkje overraskande trur NAV at den høge aktiviteten på Kværner vil ha ringverknader elles i næringslivet.

– Med over 1500 tilsette er Kværner ei av dei største verksemdene i Hordaland, og me veit at aktivitetsnivået på verftet er med å påverkar arbeidsløysa og gir ringverknadar utover sjølve industrinæringa. At Kværner no har fleire pågåande prosjekt og arbeid heilt fram til 2022 er svært gledeleg for Sunnhordland og resten av vestlandet.

Totalt er det no 716 personar som er arbeidsledige i Sunnhordland. Dette er heile 427 færre enn på same tid i fjor, noko som utgjer ein nedgang på 38 prosent.

I tillegg er det 269 arbeidssøkjarar i arbeidsretta tiltak. Her har det også vore ein nedgang.

- Annonse -

– Me ser no ein betre arbeidsmarknad, og dette viser igjen på at tal arbeidssøkjarar i arbeidsretta tiltak er redusert, seier Vikanes.

Slik er arbeidsløysa i Sunnhordland nett no:

Stord: 2,3 % – inkludert personar på tiltak: 3,0 %
Fitjar: 2,6 % – inkludert personar på tiltak: 3,3 %
Bømlo: 2,4 % – inkludert personar på tiltak: 3,5 %
Kvinnherad: 2,5 % – inkludert personar på tiltak: 3,3 %
Tysnes: 2,9 % – inkludert personar på tiltak: 3,7 %

 

- Annonse -