Anna Sofie Ekeland Valvatne og Hilde Hauglid er SV sine to representantar i kommunestyret. Foto: Stord SV
- Annonse -

DEBATT: Stord SV la fram sitt eige forslag til budsjett for 2021 i Formannskapet 4.11. Me vil gjerne forklara kvifor me valde å gjera det slik.

Av: Hilde Hauglid og Anna Sofie Ekeland Valvatne,
Stord SV

At me legg fram vårt eige forslag, vil ikkje seia at me ynskjer å blokkera for samarbeid med dei andre partia, og det tyder absolutt ikkje at me ikkje er interesserte i dei innspela som kjem i budsjetthøyringane den komande veka.

Me meiner likevel det er viktig å ha opne prosessar kring budsjettarbeidet og me vil vera tydelege på kva retning me ynskjer å gå.

Det har vorte vanleg at Formannskapet berre legg ut Rådmannen sitt framlegg til budsjett. Deretter føregår det forhandlingar mellom partia fram mot budsjettmøtet i kommunestyret. Dermed vert det berre eitt budsjettframlegg å ta utgangspunkt i for dei som ynskjer å koma med høyringssuttalar.

I forkant av Kommunestyret sitt budsjettmøte har det tidlegare vore fleire forhandlingsmøte mellom partia.

- Annonse -

Den opne debatten i Kommunestyret vert då nærast å rekna for ein skinndebatt ettersom det er berre denne debatten som vert tilgjengeleg for alle. Me ynskjer å synleggjera for både innbyggjarane og dei andre politikarane at det finst andre moglege løysingar.

Under kan de lesa om nokre av SV sine prioriteringar i budsjettarbeidet.

Eigedomsskatt

Det er verd å merka seg at Stord SV ikkje meiner det er rom for å redusera eigedomsskatten komande år. Det er å venta at nokon vil reagera negativt på dette.

Her kan det høva med ei samanlikning. Det ein i snitt betaler i eigendomsskatt i løpet av eitt år, er om lag det same som det kostar å ha eitt barn i SFO i èin månad.

Skatt er eit spleiselag for fellesskapen. Eigedomsskatt er naudsynt så lenge overføringane til kommunane er slik dei er. Ein steinrik stat held kommunane fattige.

Skule og oppvekst

At berre nokon og 30 prosent av ungane i SFO-alder nyttar seg av SFO, er eit teikn på ein fattigdom som handlar om meir enn berre økonomi.

Me meiner ein skal arbeida for ei større omlegging av SFO, gjerne i tråd med Venstre sitt forslag om ein Aktivitesskule (AKS). Ein stad må ein byrja, og me meiner at å innføra syskenmoderasjon og droppa prisjustering vil vera ein start. SFO er mykje meir enn dyr nok, det er me alle samde om. Då kan me i det minste unngå å auka prisen ytterlegare.

Stord kommune bruker lite pengar på skule. Framlegget frå Rådmannen er likevel å kutta ytterlegare 0,7 millionar til skule. Det meiner me i Stord SV me ikkje har råd til. Å satsa på barn og unge lønar seg.

Elevar treng kvalifiserte lærarar og lærarar treng ordna arbeidstilhøve. Difor kjem me til å gå mot Rådmannen sitt framlegg om å avvikla vikarpoolen.

For mange born veks opp i låginntektsfamiliar. I Stord kommune vert barnetrygda rekna med som ein del av inntekta di dersom du treng økonomisk sosialhjelp. Det vil i praksis seia at dei som treng det mest, ikkje får nyta godt av auken i barnetrygda. Dette meiner me er djupt urettvist, og me vonar me vil få fleirtal for å endra dette i budsjettet for 2021.

Sunnhordland Museum

Me meiner det er på høg tid at Sunnhordland Museum får eit sårt tiltrengt løft. Me som vertskommune må, etter vårt syn, vera med på dette løftet. Dette vil vera eit tydeleg signal til dei andre bidragsytarane. I tillegg vil dette vera ei god investering for lokalsamfunnet.

Nye, meir føremålstenlege og publikumsvenlege lokale tilgjengelege for alle vil me som innbyggjarar nyta godt av. I tillegg vil ein kunna forventa at fleire vil ta turen til Sunnhordland museum sitt hovudsete.

Rehabilitering, helse og omsorg

Dagtilbodet for personar med utviklingshemming har over fleire år vorte redusert og endra. Langt frå alle får det dagtilbodet dei treng. Den komande tida kjem det fleire personar med relativt omfemnande hjelpebehov som treng eit dagtilbod.

Me har fått signal om at dei tilsette på Sæbø Gard er slitne og at dei har ein pressa arbeidskvardag med lite tid til planlegging, for- og etterarbeid. Me tolkar dette delvis som konsekvensar av at ein la ned tilbodet ved Vidtsteentunet. Me kan ikkje sjå at me kan venta med å tilføra fleire ressursar til Sæbø Gard.

Arbeidet med eit kommunebudsjett er sjølvsagt meir komplisert og involverer mykje meir enn det me har gjort greie for her. Me vonar at innbyggjarane vil følgja med på debatten og delta i høyringane.

I protokollen etter møtet i Formannskapet 4.11. finn de heile vårt forslag til budsjett for 2021. Denne er tilgjengeleg på Stord Kommune sine nettsider.