Tunnelbrannen oppsto i denne varebilen. Foto: Stord brann og redning
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bilbrannen i Bømlafjordtunnelen denne veka, som førte til at tunnelen vart stengt for trafikk i tre timar, var vanskeleg å handtere for brannvesenet.

Det vart full stans i trafikken i bortimot fire timar onsdag kveld, då det byrja å brenne i ein varebil.

Innsatsleiar i Stord brann og redning, Leif Rune Vad, fortalde i går til Bergens Tidende at brannen skal ha starta fremme i motoren.

Sjåføren av varebilen og eit anna vitne forsøkte først å sløkke brannen med eit pulverapparat. Men brannen var så kraftig at dei måtte gi opp.

– Då me kom fram var me snare med tankbil og ledebil. Me slo ned flammane med kanon frå tankbilen, og då den andre bilen kom, gjekk røykdykkarane inn. Det brann heftig, og hjula eksploderte. Me kunne difor ikkje gå for nær i starten, seier Vad til avisa.

Det som gjorde bilbrannen ekstra dramatisk var at inne i lasterommet på varebilen sto ei palle med 280 liter smøreolje. Noko som førte til ei valdsam varmeutvikling.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me brukte mykje tid på nedkjøling. Dette er den heftigaste bilbrannen eg kan hugse, seier Vad.

Brannsjef Jan Ove Anthun stadfester overfor BT at bilbrannen på onsdag er den største hendinga knytt til Bømlafjordtunnelen som brannvesenet på Stord har delteke i sidan tunnelen vart opna.

Brannmannskapa rosar Vegvesenet for oppgraderinga som er gjort i tunnelen dei siste åra. Ventilasjonen skal ha fungert veldig bra.

Brannen skjedde om lag ein kilometer frå Stord-sida av tunnelen.

- Annonse -