Stillehavsøsteren øydelegg badestrandar rundt om på norskekysten. No kan det også skje i Sunnhordland. Foto: Wikipedia
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Den høyrer ikkje heime i Norge, og øydelegg badestrender i Oslofjorden og på Sørlandet. No er stillehavsøsteren også observert i Sunnhordland.

Det er Kvinnheringen som skriv at østersen vart obsertvert av ein privatperson på ei strand i Bogsnes i Kvinnherad i sommar.

Dette skal ikkje vere første gong den uønska gjester har blitt observert i vår region. Stein Mortensen ved Havforskingsinstituttet seier til avisa at det er alarmerande med rapportering av såpass mange funn i Sunnhordland, då det kan tyda på oppbygging av bestand.

– Problemet er at den er transportert langvegs ifrå, i tillegg til at det er ein innført og tilpassingsdyktig art som invaderer og påverkar dei marine økosystema. Bestandar av skjela øydelegg òg badestrender, då dei er svært skarpe å trakka på, seier Mortensen til Kvinnheringen.

Foto: Havforskingsinstituttet

Det er ikkje meir enn ti år sidan den første store lokaliteten av stillehavsøsters vart observert i Norge.

- Annonse -

Stillehavsøstersen kjem opphavleg frå Asia, men vart importert til Europa på 1400-talet, og så igjen for oppdrett på 1960-talet, mellom anna i Nederland. Det har ført til at østersen har spreidd seg til store bankar i heile Atlanterhavet og Nordsjøen, på bekostning av andre artar som blåskjell.

- Annonse -
- Annonse -

Stillehavsøstsen er likevel ikkje berre ein pest og plage. Ho vert rekna som ein delikatesse å ete, noko du kan lese meir om her.

- Annonse -