Snakk litt med øybuen. Det er han som er varast på fjorden, skriv Asbjørn Strand i eit flammande innlegg i Hordfast-debatten.
Av: Asbjørn Strand,
utflytta stordabu
Utan politiske motiv eller regionale samferdselsmotiv av noko art må det i debatten om Hordfast vera lov for ein utflytta storabu å meddela seg personleg om temaet:
Den forbanna fergo har vore ei sann plage og ein helvetes forbannelse i alle mine leveår; frå barndommens uendelege fengsling under dekk med røyk, sure kaffikoppar som dirra over respatexen og vassen pølseeim. Seinare Tullensvang utan motorkraft i fjæresteinane, berg og dalbanen i 110 over Fanafjell, Nürnbergring ala Rydlandssago for å sleppa stå øve eller sleppa kjøra bak 16 km krypetrafikk sidan du uansett kjem sist i land (takk skal du ha, Peder fergebillettør).
Då det endeleg kom raskare ferger frå Fjord1 i 2005 gjekk det berre kort tid før ein eller anna leprechau med miljøfag frå Volda fann ut det skipsingeniørar og galeislavar har visst sidan oldtida: kraftforbruk aukar i 3. potens med farten for eit skip. Big Surprise!
Gassferge skånar regionen for nesten målbare helseskadelege utslepp NOx og sot, men forbrenning av naturgass lagar ca. 75% av CO2 utsleppa til diesel. Dette har også vore kjend for fagfolk sidan 1897, men kom nok som ei bombe på distriktshøgskulefolket i fylket og vegvesenet som utarbeida kravspesifikkasjonen for anbodet.
Etter dette har fergene gått like sakte som MF Hordaland som vart bygd på Stord i tronge kår på 70-talet etter HSD-direktør Fredriksen sin nøkterne spesifikasjon.
Det er, og har vore i alle år, ei kvie å reise over Bjørnafjorden. Danskebåten som ikkje stoppar på Sandviksvåg får fossa forbi for full maskin med øltørste hordalendingar heilt til E39 vert kontinentfast. Same naturlover om kraftforbruk og forbrenning gjeld for den.
No er diverre mi kjære mor på Stord gamal og sjuk, så for min del spelar det mindre rolle i framtida. Neste år er dei truleg ferdige med å skru i lyspærene og sjekke signala på den nye motorvegen til fergekaien på Halhjem. Den har vore planlagd sidan eg flytta til Bergen ca. 1990.
Difor, i denne saka til alle energiske unge byfolk i debatten: snakk litt med øybuen. Det er han som er varast på fjorden.