Den afghanske familien takka for hjelpa frå trussamfunnet Nytt Liv då dei fekk midlertidig opphald i fjor. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Trebarnsfamilien som fredag morgon blei henta ut frå ein kyrkjelyd på Fitjar er framleis i Norge. Faren er innlagt på sjukehus.

Jourhavande jurist i politiet stadfester overfor NTB søndag at familien på fem er framleis i landet.

Familien sin advokat, Jostein Løken, seier til nyhendebyrået at mannen i familien er innlagt på sjukehus. Det er ikkje opplyst kva grunnen er til dette.

Løken har dermed eit håp om å utsetje uttransporteringa.

– Ein uttransportering no vil vere i strid med utleveringsavtala med Afghanistan, der ein tek omyn til alle typar av sårbarheit, slik som sjukdom, seier Løken til NTB.

Mora og dei tre borna på fem år, fire år og tre månader er flytta til eit ordinært asylmottak etter først å ha vore plassert i nærleiken av politiet sitt utlendingsinternat på Trandum.

- Annonse -

Advokaten seier til NTB at han førebels ikkje har bestemt om han vil be om ein såkalla midlertidig forføyning på måndag, for å stanse uttransporteringa.

Politiets Utlendingseining uttalte til Stord24 fredag at dei ønskte å gjennomføre ei uttransportering så snart som mogleg. Korleis dei forheld seg til situasjonen no når faren er innlagt på sjukehus er ukjend.

- Annonse -