Kiwi-butikken i Studalen var mørktlagt under straumbrotet. Foto: tipsar
- Annonse -

Feilsøking pågår, opplyser Haugaland Kraft.

Måndag kveld oppsto det eit straumbrot i større deler av Stord kommune, får Stord24 opplyst.

Haugaland Kraft har så langt ikkje lagt ut noko melding på straumbrotet på nettsidene våre.

– No håper me at dei fleste av kundane har fått straumen tilbake igjen. Det var ein feil som oppsto klokka 20.06 i Trafostasjonen i Litlabø-krysset som gjorde at ca. 1000 kundar blei straumlause. Det me har konsentrert oss om no er å kople om slik at kundane våre vil få straumen tilbake, og dei aller fleste har fått den tilbake no. Og me jobbar med resten. Når dei har fått straumen tilbake vil me jobba nærmare om kva som utløyste feilen, seier kommunikasjonssjef Gunn Margareth Lassesen i Haugaland Kraft

Det skal vera innbyggjararar som bur i sentrumsområde som mangla straumen.

– Kor mange er det som manglar straum no?

- Annonse -

– Det veit eg ikkje. Dei hadde ikkje så mykje tid til å snakka med meg. Dei jobbar på spreng for å få straumen tilbake, og det skal ikkje ta lang tid.

– Blir dette straumbrotet ekstra prioritert med tanke på det kalde vêret?

– Eit straumbrot blir alltid høgt prioritert av oss, seier Lassesen.

- Annonse -
Forrige artikkelRetten skal vurdera om pedofil mann får sleppa fri i samfunnet
Neste artikkelBarnefattigdomen aukar i Norge – kvifor søkjer då færre om sosialstøtte på Stord?
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no