Varaordførar Jakob Bjelland (Sp). Foto: Sp
- Annonse -

Turen er komen til Jakob Bjelland (Sp) i Stord24 sin spørsmålsrunde til ordførarkandidatane på Stord.

– Kva er dine viktigaste kampsaker for den komande kommunestyreperioden?

Komande kommunestyreperiode vonar eg det vert mindre kamp og meir samarbeid mellom alle partia i Stord. Der ein arbeider saman der ein kan, og har ein konstruktiv debatt i saker der ein er usamde. Sakene som er høgast prioritert for oss, er å bygga og ta i bruk Nysæter ungdomsskule med kultur- og idrettsanlegg, ta i bruk nye sjukeheimsplassar minst i den takten som er planlagt, og å løysa kapasitetsutfordringane i Langeland skulekrins med å byggja nye skulelokale.

Men dei største kampane for Stord neste åra vil truleg handla om å halda på statlege funksjonar – blant anna på sjukehuset, høgskulen og innan jordskifte- og tingretten der me ser regjeringa allereie har starta ein prosess for sentralisering.

–  Stord kommune skal snart vedta ny kommuneplan. Kva trur du kjem til å bli Stord sine største utfordringar dei neste 20 åra?

Grunnlaget for eit godt samfunn med gode velferdstenester vil alltid vera eit stort og variert tilbod av arbeidsplassar, både innan privat og offentleg sektor. Som følgje av nedturen i olje- og gass-næringa har Stord hatt periodar med folketalsnedgong, med påfølgjande lågare inntekter til kommunen og dermed svekka økonomi.

- Annonse -

Det viktigaste for Stord-samfunnet må vera å ta vare på dei arbeidsplassane me har i dag, leggja til rette for nye verksemder, syta for å ha gode kommunikasjonsårer ut av øya (Hordfast må realiserast!) og gjera kommunen til ein attraktiv stad å bu og leva. Kommuneplanen må difor leggja til rette for gode næringsareal, ha ein tydeleg retning på korleis Stord skal utviklast vidare både i høve buområde og næringssatsing, og vera eit godt verktøy for utvikling av gode kommunale tenester.

– Stord-samfunnet står overfor mange strukturendringar, som fylkessamanslåing, ny domstolsstruktur o.l. Kva vil du gjere for at Stord held på rolla si som eit viktig regionsenter?

Solberg-regjeringa har satt i gong ei rekkje større og mindre reformar som har ført til nedlegging av statlege tenester mange stader i Noreg. Så langt har Stord i liten grad vorte råka av dette, men føreslått flytting av sorenskrivar til Haugesund og nedlegging av viktige funksjonar på trafikkstasjonen kan vera ein forsmak på større ting.

For Stord er desse funksjonane viktige av mange grunnar, og til dømes sjukehus, høgskule og domstolar er heilt avgjerande for Stord sin funksjon som regionsenter. Eg er overtydd om at ein står sterkast saman, og vil difor arbeida for at det politiske miljøet på Stord skal tala med ei røyst i kommunikasjonen med fylke og regjering når me slåst for å behalda viktige funksjonar eller få tilført nye funksjonar og arbeidsplassar.

Eg vil også halda tett kontakt med Senterpartiet sine representantar på Stortinget, slik at dei arbeider for og kjem med forslag om at viktige funksjonar på Stord vert oppretthaldne. Slik Senterpartiet har gjort i samband med tingrett og trafikkstasjon.

– Stord har ein svært høg lånegjeld, og samtidig mange store investeringar på trappane. Kva vil du gjere for å sikre ein robust økonomi i Stord kommune i neste kommunestyreperiode?

Dei siste 4 åra har Stord kommune til saman hatt nærare 100 millionar i overskot, trass i at blant anna nedturen i oljebransjen har medført betydeleg dårlegare utvikling i skatteinntektene enn dei fleste andre kommunar. Samstundes har kommunen gjennomført to av sine største prosjekt nokon gong gjennom bygging av Stord ungdomsskule og tilbygg på Stord sjukeheim.

Likevel vil særskilt Nysæter-prosjektet medføra at ei høg lånegjeld vert enno høgare, og det vil difor vera lite rom for andre investeringar enn nye skulelokale i Langelandskrinsen etterpå. Senterpartiet vil difor vera svært forsiktige med andre investeringar og har blant anna gått mot å kjøpa Stord vidaregåande skule sine lokale på Saghaugen for å flytta Leirvik skule.

I høve drifts-budsjettet til kommunen er det lite rom for å setja i verk nye tiltak og auka driftskostnadene, og Senterpartiet vil vidare vera konstruktive i samarbeid med administrasjon og dei tilsette om å effektivisera der dette er mogleg utan at tenestetilbodet til innbyggjarane vert svekka i større grad.

– Det byggast og fortettast mykje i Leirvik og ellers i kommunen, kva vil vere viktig å gjere for å sikre at byutvklinga går i rett retning?

Senterpartiet er i utgongspunktet positive til fortetting. Gjennom å bygga tettare sparer me urørte naturområde frå utbygging, utnyttar investeringar i skule, veg, vatn, avlaup, breiband, nett osb, og skaper eit betre grunnlag for kollektive løysingar og tettstads-utvikling. Me har allereie i gjeldande kommuneplan store område avsatt til bustad som enno ikkje er realiserte, og meiner det ikkje er trong for å leggja nye, større område om til bustader om det ikkje er særskilte grunnar knytt til skule, infrastruktur eller liknande som tilseier dette.

Stord kommune har siste tiåra vore heldige med å ha aktive eigedomsutviklarar som har sytt for at det har vorte bygd nye bustader og nye næringsområde som har dekka etterspurnaden. Men Senterpartiet meiner likevel at kommune bør ta ei meir aktiv rolle i å legga til rette for utvikling av alle grender i kommune. Til dømes vil realisering av Huglasambandet bety at denne delen av kommunen vert mykje meir attraktiv både for familiar og verksemder.

- Annonse -
Forrige artikkelFøraren frikjent etter dødsulukke i Kvinnherad: – Ingen bevis for at han køyrde over fartsgrensa
Neste artikkelStord Hestesport får over fem millionar i spelemidlar frå fylket: – Veldig gledeleg
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no