Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

KOMMENTAR: Debattane om nytt ferjestø på Stord, biogassanlegget i Sagvåg og bompengar har ein ting felles: motstandarane tek så mykje merksemd at det er vanskeleg å ha eit sakleg og opplyst ordskifte.

Av: Jonas Sætre, redaktør i Stord24

Dei finst, dei òg. Dei som bur i Sagvåg og som ikkje har så store kvalar med at det kjem eit biogassanlegg i Grunnavågen. Dei som ikkje har noko tru på påstandane om luktutslepp. Dei som ikkje trur at Jan Kåre Pedersen aktivt villeiar folk, og som stolar på at medeigar Magnar Aaland, som har bygd opp industrisuksessen Advantec frå grunnen, aldri kunne vore med på dette utan at tryggleiken vert teken på høgste alvor. Dei finst, dei som veit at gründarar og nyskapande verksemder ikkje kjem rekande på ei fjøl, og er glad for at me har ein proaktiv kommune som legg til rette for nyetableringar og nye arbeidsplassar i Sagvåg.

Og dei finst, dei òg. Dei som skjønar kor viktig det er for Stord at regionen blir knytt tettare saman, og at å sikre eit sterkt Sunnhordland er den einaste måten me kan halde på regionsenterfunksjonar som sjukehus, høgskule, tingrett og flyplass, når det i framtida berre vil ta ein time å køyre til Bergen. Dei finst, dei som meiner den einaste måten å sikre eit sterkt Sunnhordland er å knyte dei 13.000 innbyggjarane i Kvinnherad tettare saman med Stord, og at dette fordrar eit nytt ferjestø på Stord. Dei finst, dei som meiner det må vere mogleg å samle seg rundt det alternativet som fører til minst inngrep i naturen, samtidig som det sikrar kort overfartstid til Sunde.

Ikkje minst så finst dei, dei òg. Dei som har det upopulære standpunktet om å vere for bompengane i Stordpakken. Dei som er villige til å betale litt for at skuleelevane som bur langs den farlege Litlabøvegen skal få ein trygg skuleveg. Dei finst, dei som ser at bygging av ny veg mellom Ådland og Sæ vil stanse dei daglege trafikkorkane gjennom sentrum og i staden sluse store deler av rushtrafikken via E39. Dei finst, dei som meiner eit skikkeleg sykkelvegnett på Stord er framtidsretta og vil skape auka trivnad i befolkninga og knyte byen tettare saman.

Men det er eit problem. Dei som har desse standpunkta ytrar seg ikkje i det offentlege rom. Du høyrer dei gjerne i private samtalar og til naud rundt lunsjbordet på jobben. Men å skrive motinnlegg i debattseksjonane til Stord24 og Sunnhordland skjer ikkje. Å gå inn i ein oppheita Facebook-debatt under fullt namn og flagge støtte til nytt ferjestø, bompengar og biogassanlegg i nærmiljøet er så ubehageleg at dei fleste heller lar vere.

- Annonse -
- Annonse -

Det er sjølvsagt heilt forståeleg. Når bebuarar i Sagvåg er redde for å flagge meininga si om at dei er positive til eit biogassanlegg, men ikkje tør å seie dei offentleg grunna den aggressive stemninga, er det problematisk. Det er problematisk når naturvernarane og båtfolket i Norbygdo brukar enormt med energi på å avfeie alternativ som kjem opp svært tidleg i prosessen, utan at dei sjølv treng gjere den upopulære men nødvendige jobben med å finne realistiske løysingar på ferjefloka.

- Annonse -

Hos Stord24 er takhøgda stor for debatt og me er veldig glade for alle som engasjerer seg. Me vil ikkje avvise debattinnlegg eller kommentarar så lenge ein held seg til normal folkeskikk.

Likevel er det på sin plass å oppmode dei som skriv innlegg om aktuelle saker: Jo høgare ein ropar og jo sterkare ord eit nyttar, jo mindre sannsynleg er det at nokon frå den andre sida kjem til å svare.

Det finst mange gode argument både for og i mot alle alternativa i desse sakene. Men det er alltid enklare å seie nei enn å seie ja. Å ha eit felles mål om ein opplyst debatt der ein held seg til saklege argument burde vore målet for alle, uansett kva standpunkt ein har.

Det vil heile Stord-samfunnet tene på.