Randi Nysæter (Krf) i mdten. Arkivfoto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Viss du kan seie at Stord er ein by utan å trekkje på smilebandet, då er det ein by. Men viss dei ler så er det ikkje ein by kor mykje ein enn vil det skal vere det. Eg høyrer vel til dei siste, sa Randi Nysæter (KrF).

Til hausten har Stord vore by i 22 år, sidan kommunestyrevedtaket blei fatta i 1997.

Men trass i vedtaket er det fleire lokalpolitikarar som ikkje vil vedkjenne seg å bu i ein by. Stord har framleis ikkje eit bystyre, slik andre småbyar har, som til dømes Førde.

«Komité for byutvikling»

Motstanden mot bytankegangen kom tydeleg fram i det siste kommunestyremøtet før sommaren. Bakgrunnen var ei sak om omorganisering av dei politiske komiteane.

Ei nedsett gruppe hadde på førehand kome fram til å legge ned Forvaltningsstyret, som i dag handsamar plan- og byggsaker, og erstatte den med ein ny komité, som også får tilført oppgåver som før låg til formannskapet. Den nye komiteen skulle i følgje gruppa ha namnet «Komité for byutvikling».

Men då saka skulle røystast over i kommunestyret la Jakob Bjelland frå Senterpartiet ned eit endringsforslag. Han ville heller at komiteen skulle få namnet «Komité for plan og utvikling», og viste til folk hadde reagert på at det var jålete å bruke byutvkling i namnet.

– Mange har ikkje lyst å bu i ein by

Silje Vatna i Senterpartiet. Foto: Stord Senterparti
- Annonse -

Partikollega Silje Vatna (Sp) gjekk også på talarstolen der ho reagerte på dette med byutvikling.

– Eg synest det er viktig at me ser på at det ikkje er alle som ser på Stord som ein by. Mange som bur på Stord kjenner at dei ikkje har lyst å bu i ein by. Skal ikkje dei ha utvikling? Skal ikkje dei ha ein plan rundt der dei bur? Difor synest eg «plan og utvikling» er eit mykje betre namn.

Då gjekk ein annan bymotstandar på talarstolen. Ikkje frå distriktspartiet Sp, men Randi Nysæter frå KrF.

Ho forklarte at ho framleis må dra på smilebandet med jamne mellomrom.

– Eg hugsar at då det blei bestemt at Stord er ein by så blei det sagt i etterkant: Viss du kan seie at Stord er ein by utan å trekkje på smilebandet, då er det ein by. Men viss dei ler så er det ikkje ein by kor mykje ein enn vil det skal vere det. Eg høyrer vel til dei siste.

– Eg ville sagt at byen er Leirvik på Stord, og det andre er kommunen, sa Nysæter.

Fraførte dikt

Geir Angeltveit i Venstre markerte seg som den største urbanisten i kommunestyret. Han hadde til og med laga eit dikt der han argumenterte mot det han mener er ein jantelov-tenkning som hindrar Stord til å fullt ut omfamne byidentiteten.

Også ordførar Gaute Epland (Ap) ville røyste for namnet byutvikling.

Men det var til slutt berre sju representantar i kommunestyret som røysta ha «Komité for byutvikling». Dermed blir den nye komiteen heitane «Komité for plan og utvikling» etter haustens kommunestyreval.

- Annonse -