Rebekka Hansen Gjerde driv den vesle klesbutikken Huldrafjell på Stord. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24
- Annonse -

LESARBREV: Sentrum vert pynta slik at det vert triveleg for dei som ferdast i sentrum i sommar. Huldrafjell skal pynta opp i sentrum og markerar at Stord er blitt ein nullutsleppskommune som har fokus på gjenbruk.

Av: Tove Vikanes Agdestein,
Folkehelsekoordinator i Stord kommune

I år arrangerer me Folk i sentrum 23.- 26.septemer. Folk i sentrum skal  vera ein folkefest og då må me må ha lagt bak oss avgrensande smittevernreglar. Noko av programmet er allereie på plass:

Torsdag 23.september vert det opning av Folk i sentrum på torget. Deretter vert folkehelseforum med Matsvinn som tema arrangert på Arena. Her vil «matredder» Mette Nygård Havre halda foredrag, og ordføraren vil orientera om kommunen sitt fokus på matsvinn. Aktørar frå serveringsbransjen vil også delta. Saman med DNB vil Stord Næringsråd dela ut «Folk i sentrum Prisen» for andre gong. Nomineringa til «Folk i sentrum Prisen» vil gå gjennom heile sommaren, og her kan alle vera med å nominera.

Fredag 24. september inviterer me til aktivitetsdag i sentrum med ulike aktivitetar for små og store. Mellom anna blir det høve til å dansa Folk i sentrum-dansen saman med elevar frå kulturskulen.

Folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein. Foto: Ingrid Hovstad/Stord24

Laurdag 25. vert det marknadsdag med stort mangfald. Stord Friidrett arrangerer Sunnhordland Maraton laurdagen, så her ligg alt til rette for Folkefest.

- Annonse -

Sundag 26. er det planlagt rusletur med turlaget til gapahuken ved Ådlandsvatnet, og båttur til Fyrøya.

Det har vore ein lang og tung vinter, og sjølv om Folk i sentrum vert flytta til hausten ønskjer me å bidra til gode opplevingar også no i vår. Som ei oppkøyring til arrangementet i september, vert det difor laga til nokre sentrumsaktivitetar i mai, tilpassa smittevernrestriksjonane. Sentrum vert pynta slik at det vert triveleg for dei som ferdast i sentrum i sommar. Mellom anna kjem det opp gjenbruksvimplar produsert av Huldrafjell. Kanskje kjenner du igjen mønsteret frå gamle gardiner og dynetrekk? Desse skal pynta opp i sentrum og markerar at Stord er blitt ein nullutsleppskommune som har fokus på gjenbruk.

Også ei rekkje busskur vil bli pynta i mai til glede for både reisande og forbipasserande. Det er skular, barnehagar og frivillige organisasjonar som står for pyntinga, der tema er henta frå Folk i sentrum sine fokusområde – trivsel, inkludering, miljø og samskaping. Nokre tre utanfor Stord kulturhus har også blitt pynta. Målet er å skapa noko fint og fargerikt for auga, ei kjekk oppleving.

Miljøagentane vil setta poteter på torget i år som i fjor, og det vert skattejakt for barn.

Me gler oss til igjen å laga Folkefest i sentrum – til å møtast – til å vera mange i lag. Det vert godt, og det er viktig for folkehelsa vår.

Personar og organisasjonar som ønskjer å delta med stand/aktivitetar under Folk i sentrum i september kan no registrera seg på kommunen sin nettstad.