Arbeidet med Litlabø-krysset gjer at E39 blir kvelds- og nattestengt i to veker. Foto: Google Maps
- Annonse -

Sprenging nær hovudvassleidningen ved Litlabøkrysset kan dei neste to vekene kutta vasstilførsla langs strekninga Kattatveit-Heiane-Sagvåg-Litlabø i kortare periodar.

Stord kommune opplyser i ei pressemelding at arbeidet med å utbetre Litlabøkrysset kan få større konsekvensar for vasstilførsla i fleire bydelar.

I samband med sprenging av fjellmassane som skal vike for ny passeringsfil til nordgåande trafikk på E39, må hovudvassledninga langs vegen leggast om. Denne omlegginga kan føre til det må sprengast veldig tett innpå dagens vassforsyning. Det er ikkje utan risiko.

Kan gå hol på røyret

– Å sprenga nær ein vassleidning medfører alltid ein fare for at det kan gå hol på røyret. Skulle me få ein lekkasje på hovudvassleidningen ved Litlabøkrysset, vil det føra til at bebuarar langs strekninga Kattatveit-Leirvik-Vabakkjen-Langeland-Heiane-Valvatna-Sagvåg mistar vassforsyninga, opplyser Sivert Haaland i Stord kommunalteknikk.

Det vil i såfall skje før kommunen rekk å varsle innbyggjarane via SMS.

Illustrasjonen viser eksisterande hovudvassleidning, mellombels trase for vassforsyninga i samband med utbetringa av Litlabøkrysset, samt dei to nye tilkoplingspunkta som kan føra til sprenging tett på hovudvassleidninga.

Kommunen opplyser at den første salva kan bli avfyrt allereie tysdag 27. februar, og fleire kan koma i løpet av dei neste to vekene. Haaland ber difor innbyggjarane i sentrum og dei søre og vestre bydelane om å vere førebudd på at vatnet kan forsvinna på kort varsel i denne perioden.

- Annonse -

Han oppfordrar samstundes folk til å førebu seg på at vassforsyninga kan stanse gjennom å tappe opp vatn.

– Mannskapa våre vil vera i høgste beredskap så lenge det vert sprengt tett på hovudvassleidningen. Skulle uhellet vera ute, vil me så kjapt som råd kopla hovudvassforsyninga over på alternativt leidningsnett. Me har gode rutinar for slik «omdirigering», så det skal ikkje ta så lang tid før folk får vatnet attende, seier Haaland.

Dårlegare trykk

Dersom det skulle vere behov for omdirigering vil ulempa vere at vassforsyninga vestover vil gå gjennom røyr med mindre dimensjonar enn hovudvassleidningen, noko som kan resultera i dårlegare trykk for bebuarar i høgareliggande område i Sagvåg.

Årsaka til at det truleg må sprengast nær hovudvassleidningen, er at den mellombelse røyrtrasen ved Litlabøkrysset krev bygging av to nye, underjordiske vasskummar nord og sør for krysset. I desse kummane skal den mellombelse røyrleidningen koplast på dagens vassforsyning.

– Me håpar at entreprenøren i størst mogleg grad greier å meisla ut gropene som desse kummane skal stå i, men me må ta høgde for at arbeidet vil kunna innebera sprenging, seier Haaland.

- Annonse -