Forholda på Nysæter ungdomsskule gjer at forfattaren av lesarbrevet er bekymra for helsa til dottera. Her frå ein vasslekkasje i fjor haust. Foto: Multiconsult/privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Kan eg tillata at jenta mi skal gå på skulen under slike forhold lenger? Eg vurderer no om ho skal søkja om å byta skule, for dette kan eg ikkje sjå på lenger.

Av: Eva Herskedal Irgens,
Mor til elevar på Nysæter og 7. kandidat for Stord Frp

Eg synest grensa er nådd angåande Nysæter ungdomsskule. Ja, eg er ei bekymra mamma som har tre jenter som går og har gått der. Dei har klaga alle. Ho mellomste har kjent seg uvel og har hatt svært mykje hovudverk. No når ho minste går der, har ho vondt i hovudet kvar dag.

Eg høyrer om ungar som har slutta på astmamedisin, som no har måtta begynne igjen på dette. Ungar som held seg heile dagen fordi toaletta ikkje er haldbare. Uopplagde ungar, slitne og trøytte.

Kor lenge skal me finna oss i dette som foreldre?

Ungar har rett på eit godt læringsmiljø og vaksne eit bra arbeidsmiljø, og det er ikkje slik det er no.

  • 9a-1 Opplæringslova
- Annonse -
- Annonse -

«alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring»

På nettsida til arbeidstilsynet står det når inneklima ikkje er forsvarleg og moglege helse plager:

- Annonse -
  • Luftvegsplager som for eksempel astma eller hyppige luftvegsinfeksjoner
  • Slimhinneirritasjoner i øyne, nase og hals
  • Hovudverk
  • Trøytthet eller uopplagthet som også kan medføre konsentrasjonsvansker
  • Hudplager

Ungdomane skal søkje vidaregåande skule med desse karakterane som dei må kjempa ekstra for grunna inneklima, og eventuelle fråværsdagar på vitnemål.

Kan eg tillata at jenta mi skal gå på skulen under slike forhold lenger? Eg vurderer no om ho skal søkja om å byta skule, for dette kan eg ikkje sjå på lenger.

Kva med eventuelle seinverknader av dårleg inneklima råte/sopp? Kor lenge har dei gått i et slikt miljø? Kven tar ansvaret dersom nokon får skadar under desse forholda? Er det kommunen då som må ta kostnaden, eventuelt erstatningsansvar? Dette ynskjer eg svar på. Hadde vore flott om ein kunne lytta på kva ungane føler og har av plager også.

Da hadde vore så bra om ein fekk modulbygg opp så snart som mogeleg. Det er det viktigaste medan ein ventar på ny skule.

Eg skriv dette som ei bekymra mor til ei på 8. trinn.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -