Arnfinn Saue (Ap) og Per Audun Halleraker (H) fekk ikkje høve til å ta del i saka om barnehagekutt. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

To av politikarane i utval for oppvekst og utdanning blei erkjert ugilde til å handsame saka om kutt i kommunale barnehageplassar. Grunnen er jobbane til kone og eks-kone.

Politikarane i utvalet brukte rundt ein halv time på å diskutere spørsmålet om kor vidt to av representantane var skikka til å vere med å handsame den politiske saka om kutt av rundt 50 barnehageplassar.

Saka enda med ei innstilling om å leggje ned Furuly barnehage.

Arnfinn Saue (Ap) sa seg sjølv ugild på førehand, då kona hans var tilsett i Furuly barnehage. Utvalet var først delt i spørsmålet om han var ugild, men etter langvarig ordveksling blei utvalet samrøystes einige om at han var ugild.

Så tok Per Audun Halleraker (H) ordet, og fortalte at eks-kona hans er leiar i Trodlahaugen barnehage. Denne kommunale barnehagen er ikkje omtalt i framlegget til rådmannen. Difor var det fleire som meinte han burde få vere med på handsaminga. Men også han blei røysta ugild, med fem mot fire røyster.

– Eg ser på dette som vel så tette band som Saue. Han skal vere med å ta ei avgjersle for noko som kan råke arbeidsplassen til nokon han er tett knytt til. Sjå for deg avisoppslaget «Var med å leggje ned eks-kona si arbeidsplass’, påpeika Angeltveit.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg trur det er tryggast å melde dei begge ugilde, og få ei skikkeleg vurdering når saka skal vidare til kommunestyret. Då har me iallfall ikkje gjort noko gale.

- Annonse -

Silje Vatna (Sp) var usamd.

– Eg meiner Halleraker ikkje er ugild. Då kan jo nesten ingen vere habile. Då er det tilsvarande om ein jobbar i pleie og omsorg og skal handsama ei sak som handlar ei anna avdeling. Dette blir jo heilt feil. Men Saue meiner eg er ugild, sa Vatna.

Reidun Stavland i Høgre spurte om ho kunne få hasteinnkalt ein vararepresentant som kunne steppe inn for Halleraker, men det fekk ho ikkje lov til.

– Me har allereie begynt på saka, påpeika Geir Angeltveit (V).