Tore Blokhus i Raudt og Hilde Hauglid i Stord SV. Foto: SV/Raudt
- Annonse -

– Me meiner dette er eit svært dårleg tidspunkt å handsama ei sak om kutt i den kommunale rusomsorga.

Av: Tore Roth Blokhus, Stord Raudt og
Hilde Hildal Hauglid, Stord SV

I utval for rehabilitering, helse og omsorg (RHO) 11. mars gjekk fleirtalet inn for at tilbodet på Maris skal verta redusert til eit reint lågterskeltilbod.

Ein ynskjer av økonomiske grunnar at tilsette frå Helse Fonna skal vitja Maris på faste tider og ta seg av dei lovpålagde medisinske oppgåvene knytt til LAR. Dette medfører ein reduksjon i stillingar frå 4,7 til 3. Saka skal handsamast endeleg i kommunestyret 02. april, og det ser ut til å vera fleirtal for ein slik reduksjon.

Dette uroar oss, og me meiner dette kan få store negative konsekvensar, ikkje berre for dei som nyttar seg av tilbodet, men for lokalsamfunnet generelt. I dette innlegget skal me gjera greie for kvifor.

Gjennom media har dei fleste fått kjennskap til Maris og brukarane av desse tenestene. Sårbare menneske har stått fram og kjempa for samlingsstaden sin, med støtte frå fagfolk, innbyggarar og representantar frå politi. Stordabuen har nett samla inn om lag 40000,- etter støttekonserten Endre Olsen sende frå Osvald Fredag kveld.

- Annonse -

Fleire markante aktørar i stordsamfunnet har og engasjert seg og me les i Sunnhordland at Kværner, Leirvik bedehus, Sparebanken Vest, Olvikfondet og Veles Body Art har kome med pengegåver.

Me har inntrykk av at stordsamfunnet verdset jobben Maris gjer, og tydinga det har for sentrumsbiletet. Ingen er tente med såkalla opne russcener. Dette skapar uro for mange og er uverdig for dei som slit med rus. Opne russcener skapar i tillegg kontaktpunkt mellom unge, spaningssøkjande menneske i risiko og røynde rusavhengige. Me har allereie sett tendensar til slike kontaktpunkt i sentrum, og desse vil verta meir belasta utan eit godt fungerande Maris.

Dei tilsette på Maris sin kompetanse er vanskeleg å erstatta ettersom denne ikkje berre handlar om utdanning og fagleg kompetanse, men òg om relasjonell kompetanse, oppbygd tillit og erfaring med akkurat desse brukarane. Dei tilsette får gjennom sitt arbeid tilgang på informasjon som elles er vanskeleg tilgjengeleg. Dette gjeld mellom anna vald i nære relasjonar, anna grov valdskriminalitet, nye unge menneske på russcena, barnevernssaker og liknande.

Me kan vanskeleg sjå at helsepersonell med tilmålt kontakt på 23 minutt per brukar skal bygga relasjon, tillit, ta prøvar og levera ut medisin. Tenestene vil ein stykka opp, men mottakarane er heile menneske. 23 tilmålte minutt til kvar brukar til faste tidspunkt til ei brukargruppe der ein veit at fleire slit med å halda faste avtalar. Etter at dei som avgjer om ein skal få medisin eller ikkje reiser seg og går, er det dei tilsette på Maris som skal handtera det som måtte koma av frustrasjon, aggresjon, fortviling og uro. Med 1,7 årsverk mindre enn i dag.

Me kjenner dei tilsette på Maris som dedikerte, kompetente fagfolk som strekk seg langt for brukarane sine. Desse gjer ein uvurderleg jobb for oss, for heile stordsamfunnet. Kor lenge kan me halda på denne kompetansen når ein kontinuerleg freistar å byggja ned arbeidsplassen deira? Tilsette med usikre utsikter vil gjerne søkja seg bort frå vår kommune. Dette er ein ettertrakta og viktig kompetanse me står i fare for å mista.

Rusreforma, og krava denne vil setja til kommunen vart kjent etter budsjettvedtaket til storkoalisjonen, og det er heilt naudsynt å ta omsyn det denne reforma førespeglar. Reforma inneber fleire oppgåver til fagfolka innanfor rusfeltet. Det kjem ikkje fleire statlege kroner for å hjelpa kommunen med dei nye oppgåvene. Frå statleg hald reknar ein med at dette er kompetanse kommunane allereie har. Kva skjer då når rusreforma trer i kraft og me etter alle solemerke treng å byggja opp att eit godt fagmiljø?

Eit liv som rusavhengig er vanskeleg både for den det gjeld og for familie og vener. Mange pårørande må gje opp. Dei som nyttar Maris sine tenester lever i risiko kvar dag. For mange er dei tilsette på Maris det einaste faste haldepunktet i ein tøff kvardag. I løpet av det siste året har fleire menneske i miljøet kring Maris døydd. Dette er menneske me ikkje hadde råd til å mista.

No står me midt i ei global krise. Denne rammar òg lokalt. Det vert sett i verk eit utal tiltak som råkar oss alle. Maris er stengd. Dei tilsette køyrer ut og gjev tenester til dei ein treff. Personar med rusproblematikk er ei sårbar gruppe, også i denne samanhengen.

Me meiner dette er eit svært dårleg tidspunkt å handsama ei sak om kutt i den kommunale rusomsorga.

Raudt og SV vonar for det fyrste at saka om nedskjering i Maris vert teke av saklista for komande kommunestyre. Denne saka har konsekvensar for heile stordsamfunnet, og bør handsamast i eit ordinært kommunestyre.

For det andre vonar me at både administrasjon og politikarar tek seg tid til å setja seg inn i rusreforma og konsekvensane av denne.