No er det berre å håpe at partia i fylkeskommunen har guts nok til å velje klima, miljø og rassikker veg til Voss framfor det naturøydeleggande alternativet som Hordfast er.
Av: Nils Magne Blålid,
Nestleiar i Stord SV
«Lausriving» frå Vestland og inn i Rogaland kjem det frå ordførar og permitert sådan på Stord, etter at fylkesutvalet har prioritert Hordfast ut i ei fjernare framtid. I denne samanheng burde dei vente med lausrivingsproklamasjonen til kommunestyret, ev folkeavstemming hadde teke ei avgjerd.
Eg trur Rogaland har nok med Rogfast. Der er det meldt at kostnadsramma på 18,6 milliardar kroner ligg an til å sprekke med over 6 milliardar kroner. Det er neppe meir pengar å hente der. Eg trur dei fleste av oss er så glade i Bergen at vi ikkje ynskjer å mangedoble trafikken over Danmmarksplass og gjennom byn. Trafikkprognosene for Hordfast legg opp til dette.
Hordfast er utruleg negativt for artsmangfald og klimautslepp. Ser at Ap argumenterer for at ferjene brukar meir energi enn bil når det er få bilar om bord, og at folk skal fly mindre mellom Stavanger og Bergen. Til det er det å seie at ferjene blir utsleppsfri, sjøen er vedlikehaldsfri, yrkessjåførane treng pause, og ja, folk skal ikkje fly mellom Stavanger og Bergen i utrengsmål før flya er utsleppsfri. Ap har ikkje prioritert klima og miljø før, og ser heller ikkje ut til å vere i stand til det no. Der køyre dei i same bil som Høgre og FrP.
For ei tid tilbake kasta Ap og Sp på Stord seg på forslaget frå Frp om E39 som 4-feltsmotorveg utanfor eksisterande trase, med 110 km/t. No er det berre å håpe at desse partia i fylkeskommunen har guts nok til å velje klima, miljø og rassikker veg til Voss framfor det naturøydeleggande alternativet som Hordfast er.
Framtida ligg på sjøen og Vestlandet skal utvikle utsleppsfri kollektivtrafikk til sjø og land. Først og fremst på sjø. Det er der vi har kompetanse.
Vi skal ikkje auke vegtrafikken minst fire gongar slik Hordfast legg opp til. Det er like hovudlaust på vegne av natur og klima som å ikkje ta omsyn til råda i forhold til covid-19.
På same måte som koronapandemien no har første prioritet på korleis vi organisere våre liv, må omsynet til natur og miljø komme først. Det er utfordrande, men absolutt like nødvendig for ei god felles framtid.