Geir Angeltveit. Foto: Stord Venstre
- Annonse -

Der me tar med oss den gode kvaliteten me har i dag, og får prisnivået ned på eit tåleleg nivå for fleire.

Av: Geir Angeltveit,
Stord Venstre

Målet er tydeleg: Redusert foreldrebetaling, søskenmoderasjon som i barnehagen, meir tryggleik og føreseielegheit for jobbane til dei tilsette og betre organisering for feriar/undervisningsfrie dagar.

Det er fleirtal for det, om partia står for det dei har lova. Det er utfordringa frå Stord Venstre.

Kommunen skal tilby Skulefritidsordning for at kvardagen til familiane skal kunna løysast på ein god måte. Om det er tidlegare morgonar enn skulen byrjar, eller seinare ettermiddagar. Så er SFO eit verdsatt tilbod som for mange er heilt naudsynt. Og for mange born er det ein sosial og inkluderande arena utanom klassemiljøet og familien.

I valkampen i fjor var eit av dei heitaste temaene den aukande prisen på Skulefritidsordninga. Som har vorte dyrare og dyrare. Så dyrt at ein no er blandt dei absolutt dyraste i landet.

- Annonse -

Og svært mange har ikkje lenger høve til å ta seg råd til å ha borna sine i SFO. Noko også tala visar, frå 60% av borna i 2013 til 33% av borna i SFO i dag.

Venstre var tydelege i valkampen i fjor at me ønska å gjere noko med denne bekymringsfulle utviklinga. Noko Arbeidarpartiet, KrF, SV, Mdg og Raudt også var samde om i valkampen.

Tysdag 28. april skal utval for oppvekst og kultur handsame «evaluering av skulefritidsordninga». I utgangspunktet legg administrasjonen opp til mindre endringar. Som konsekvens av posisjonens vedtatte budsjett.

Derfor ønskjer me i Venstre å no løfte fana for å legga vekke Skulefritidsordninga, og skipa ein ny Aktivitetsskule. Der me tar med oss den gode kvaliteten me har i dag, og får prisnivået ned på eit tåleleg nivå for fleire.

Om alle partia står for det dei sa i valkampen, så er det fleirtal for denne endringa. Det er ingen tvil om at den er heilt naudsynt, om me skal ha eit SFO/AKS framover. Me er ein kommune med mange tilflyttarar, og ikkje alle kan erstatte trang økonomi med bistand frå familie. 

Dagens modell der stadig færre (gjerne uten eit alternativ) skal betala stadig meir går ikkje.

Venstre kjem difor til å fremma følgjande alternativ til innstillinga: Utval for Oppvekst og Kultur stadfester at ny modell (Aktivitetsskule) inkluderar søskenmoderasjon, redusert foreldrebetaling og samanhengande tilbod for feriar og undervisningsfrie dagar. Aktivitesskule vil gå vekk frå sjølvkostprinsippet, og set i tråd med Handlingsplan, mål om 60% av elevane i AKS.

Inntektsgradert foreldrebetaling med makskost på 6% skal framleis vere gjeldande i tråd med Stortingsmeldinga. SFO for elevar med behov for særskild tilrettelegging i 5-7. trinn skal framleis vere gratis.