Sigbjørn Framnes. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Det kan berre kallast eit svik og lite kollegialt.

Av: Sigbjørn Framnes,
Gruppeleiar i Stord Frp

Det er rimeleg drygt av henne å påstå at det er politikken for dei ho kallar dei svakaste som er grunngjevinga, kombinert med budsjettsamarbeidet med FrP.

Grunngjevinga tyder på at ein ikkje skjønar politikk. FrP sikra i budsjettet fleire viktige saker for utsatte grupper, og me jobbar hardt for å levere så gode tenester og tilbod som me kan innafor dei økonomiske rammene me faktisk har.

Me jobbar for dei «svake» heile tida, uavhengig av kva slags fordomar og vrengebilete Bente Bjelland har av oss i FrP. Dei «svake og svakaste» er ei dårleg skildring, det er ofte der ein finn dei som er sterkast og tøffast.

Kan minna om at Bjelland i førre periode i fleire saker stemte mot sitt eige parti – saman med oss i FrP. Mellom anna gjaldt det saka om Vidsteentunet og flytting til Sæbø gård.

- Annonse -

Eg forstår at ho ynskjer å (feilaktig) stempla politiske motstandarar i FrP som fiendar av dei «svakaste». Det eg ikkje forstår er at ho då også stemplar sine tidlegare partikolleger i Ap og samarbeidspartia i koalisjonen. Om påstandane til Bente Bjelland held vatn, jobbar heller ikkje dei for dei «svakaste»! 

Å meine det Bente Bjelland meiner, for så å bryte ut av partiet og fjerne fleirtalsgrunnlaget for den politikken ein er vald inn på – basert på ein feilaktig ide om at ein då får meir Ap-politikk?

Det blir som om laget ditt ligg godt an, før ein i sinne går av fotballbana fordi ein ikkje får ha ballen heile tida – og aktivt øydelegga for dei andre på laget som faktisk scorar mål.  

Det kan berre kallast eit svik og lite kollegialt. Og det har lite og ingenting å gjere med omsyn for dei «svakaste».