Bompengar kan vere historie om nokre år, då Datatilsynet har gitt grønt lys for å erstatte innkrevjinga med vegprising. Foto: NAF
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Dette stadfestar det me i Ap har halde fram i debatten om Stordpakken. Me vil heller vere ein av dei første som innfører vegprising, enn ein av dei siste med bompengar, seier Epland.

Det er Aftenposten som i dag skriv at Datatilsynet no har gitt grønt lys for at vegprising kan nyttast som finansieringsmodell for vegbygging i Norge, for å erstatte mellom anna bompengar.

Datatilsynet har no kome til at utfordringane knytt til personvern kan løysast, og at vegprising kan bli innført i Norge om fem år.

– Det er allereie lansert interessante tekniske løysingar for eit nytt vegprisingssystem som tek inn over seg utfordringane knytt til personvernet. Mykje av teknologien er allereie på plass, seier direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon til avisa.

Satelittbasert vegprising vil fungere slik at bilistane betalar for kor mange kilometer bilen køyrer. Eit slikt system kan erstatte heile avgiftssystemet for bilistar med bompengar, driftstoffavgifter, eingongsavgift og trafikkforsikringsavgift. På Stortinget er det eit breidt fleirtal for å greie ut vegprising, med unntak av Framstegspartiet.

Aktuelt å søkje om nyttt pilotprosjekt

I fjor vedtok eit fleirtal i kommunestyret på Stord å seie nei til innføring av bompengering på Stord, i påvente av vegprising. Stord kommune søkte samferdselsdepartementet om å delta i eit pilotprosjekt for vegprising, men fekk då nei til svar.

Ordførar Gaute Epland (Ap). Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -

Stord-ordførar Gaute Epland (Ap) meiner Stord bør gjere eit nytt forsøk på å delta i eit pilotprosjekt som følgje av Datatilsynet sitt ja.

– Dersom det vert mogleg å søkje pilotprosjekt, meiner eg me bør gjere det.

Epland meiner vedtaket til Datatilsynet viser at kommunestyret fatta ei klok avgjersle då dei sa nei til Stordpakken i påvente av vegprising.

– Dette stadfestar det me i Ap har halde fram i debatten om Stordpakken. Teknologien for å erstatte bompengar med vegprising er der, og utfordringane når det gjeld personvern er løysbare. Det det står på er den politiske vilja.

– Når me veit at vegprising har eit potensial til å bli ein billegare og meir rettferdig innkrevjingsmetode, er det fornuftig å vente. Me vil heller vere ein av dei første som innfører vegprising, enn ein av dei siste med bompengar, seier Epland.

Epland meiner no ballen ligg hos regjeringa, og meiner at Framstegpartiet sin motstand så langt har gjort at vegprising ikkje kjem noko veg vidarare.

- Annonse -

– Regjeringa med Frp i spissen har så langt stritta i mot. Det er synd om det blir utfallet denne gongen og, og at det dermed vert endå lenger til me kan ta i bruk ny og betre teknologi for å realisere vegprosjekt på Stord og andre stadar i landet.

Gruppeleiar i Stord KrF. Foto: Statens Vegvesen

– Me sit heilt på sidelinja

Men ein av dei ivrigaste forkjemparane for Stordpakken, Krf-politikar Torbjørn Brosvik, meiner det ikkje er grunn til å juble for at vegprising er kome eit steg vidare.

– Eg trur framleis ikkje det var rett å seie nei til Stordpakken. Dersom pakken hadde blitt vedteke ville ein ha jobba vidare med ein søknad, som kanskje kunne vore klar slik at ein kunne seg av vegprising. I forslaget eg la fram opna me nettopp for å bruke andre innkrevjingsformer enn bompengar. Då kunne ein vere i posisjon for å gå inn i ei forsøksordning.

– No har prosessen stoppa heilt opp. Dersom ein skal sitje på gjerdet og vente til systema er klare, vil det vere andre som posisjonerer seg for å vere først ute og teste dette. Arbeidarparteiet sitt forslag som vart vedteke gjer at me sit heilt på sidelinja.

– Ikkje så rettferdig

Mange peikar på vegprising som finansiering som ein meir rettferdig løysing enn ein bompengering. Brosvik er ikkje heilt overtydd om dette er tilfelle når det gjeld Stordpakken.

– På Stord vil vegprising slå ut slik at ein kjem mykje betre ut av det viss ein bur sentralt. Dei som bur innanfor Leirvik-området vil bruke bilen vesentleg mindre enn dei som bur langt vekke, som då vil få ei høgare belastning med vegprising.

– Det er ingenting som tilseier at vegprising vil gjere Stordpakken billegare for brukarane og at det vil opplevast veldig mykje meir rettferdig.

– Men får ein ikkje mykje meir veg for pengane når ein slepp å bygge bomstasjonar?

– Kostnaden med å setje opp bomstasjonar vil ein sleppe. Men i beløpet ein reknar i administrasjonen ligg mykje på det som til som går på utsending av faktura og rente- og kapitalutgifter. Desse utgiftene vil vere dei same. I tillegg er kostnaden med teknololiutviklinga vere ein usikker faktor.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -