Prosessplattforma til Johan Sverdrup kom til Kværner Stord 21. februar. Foto: Equinor
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Etter planen skulle den første av dei to Johan Sverdrup-plattformane bli løfta vekk frå Kværner på Stord fredag. Men tungløfteskipet som skal frakte plattforma til Nordsjøen let vente på seg.

Fredag føremiddag er tid på ny tid for høgtideleg seremoni på Kværner sitt verftsområde på Stord.

Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) og konsernsjef i Kværner, Karl-Petter Løken, er blant dei som kjem til Stord for å markere at bustadplattforma og prosessplattforma no er klar til å fraktast ut i Nordsjøen og setjast i produksjon.

Vil lastast om bord i neste veke

Etter planen skulle seremonien bli etterfølgt av utseglinga av prosessplattforma.

Men grunna dårleg vêr har ikkje tungløftefartøyet Pioneering Spirit kome fram til Stord. Det er Pioneering Spirit som har får oppgåva av å løfte plattformane frå verftet.

– Det ser ut til at Pioneering Spirit ikkje er framme i Digernessundet før til helga, på grunn av vêret, opplyser kommunikasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal.

- Annonse -
- Annonse -

Equinor opplyser at tungløftefartøyet sannsynlegvis vil starte med å laste om bord prosessplattforma i neste veke. Deretter skal det ikkje ta mange dagar før uttransporteringa av bustadplattforma står for tur.

- Annonse -
Løfteskipet Pioneering Spirit henta den første Johan Sverdrup-plattformen utenfor Stord i juni 2018 Foto: Jonas Sætre/Stord24

Konsertar i helga

Laurdag er det klart for konsertar på Kværner i samband med utseglinga av Johan Sverdrup. Kværner har annonsert at Postgirobygget og gitaristen Bjørn Berge er blant artistane som kjem.

I tillegg er det annonsert ein hemmeleg artist av internasjonalt format, som skal vere rosinen i pølsa under arrangementet.

Dårlege vêrmeldingar skapar også trøbbel for det planlagde arrangementet.

– Det er ikkje meldt godt vêr, så me flyttar konserten innandørs til malersalen. Folk må kle seg godt. Det er greit å ha ull på seg, og me serverer pølser og brus. Me set opp gratis skyttelbussar frå Heiane og frå Leirvik, fortel Odd Naustdal til Haugesunds Avis.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -